Landsfinalen for unghest er ei samling av dei beste unghestane frå heile landet. Den blei arrangert på Stord no i helga med totalt 20 deltakarar fordelt på tre klasser for unghopper og ei klasse for eittårs hingstar.

I klassa for unghopper to år gjekk Årøy Evina heilt til topps i konkurranse med dei fire beste toårs fjordhoppene i Norge.

Eigar Linda Beate Svoren kunne dermed reise heim med den beste hoppa på to år i heile landet.

Sølvplass

Flott plassering fekk også den to år unge hingsten Herlig, med sølv i klasse hingstar to år. Eigar er Miriam Hoddevik, også ho frå Eid. Herlig vann i konkurranse med to andre av dei beste toårs hingstane i heile landet.

Hjelmelandsdalen

Både Årøy Evina og Herlig står på stallen til Linda Beate Svoren på Årøyane gard i Hjelmelandsdalen. Dei to premierte unghestane har begge fjordingen Kornvin Freidig som far. Også eitt år gamle Espe Runa med eigar Asle Espe var med på utstillinga, og fekk ein 6. plass i konkurranse med dei sju beste årringshoppene her i landet.