Nordfjordeid-baserte Din Bustad AS har inngått ein forhandlaravtale med den nasjonale bustadbyggaren BoligPartner. Avtalen inneber at Din Bustad AS blir eineleverandør av BoligPartner sine produkt i regionen, der den samla bustadmassen består av 75 prosent einebustader. Dagleg leiar Vegard Meland ser eit stort potensiale i området.

Kontor på Eid

− Vi har kontor på Nordfjordeid, men betener både Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn kommunar. Vi ser eit potensiale i regionen og kjem til å satse offensivt. Vi har hatt ein kjempestart, og har allereie fleire sal, og er i gang med bygging av våre første BoligPartner-hus. So langt går alt som planlagt, seier Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS.

Einebustader

BoligPartner er ein av Norge sine største bustadbyggarar og har opp gjennom åra spesialisert seg på einebustadar , fleirmannsbustader og hytter i tre. Og nettopp einebustadar  er det ei monaleg overvekt av i Eid og dei omkringliggande kommunane. I Eid er til dømes 75 prosent  av dei nærmare 2800 registrerte bustadane einebustadar. Fordelinga ser nokon lunde lik ut også for dei andre kommunane i regionen.

− Det er einebustadar som er det mest populære i regionen, og den trenden har vi tru på at vil halde fram. Einebustadar og fleirmannsbustadar vil vere sjølve kjerneproduktet for Din Bustad. BoligPartner sine produkt og kompetanse på området vil gje oss eit konkurransefortrinn når vi no skal ut og kjempe om kundane i regionen, seier Meland.

Ønskjer å bruke lokale krefter

Din Bustad er opptatt av å bruke lokale leverandørar så langt det let seg gjere. På den måten meiner Meland samarbeidet og dei offensive planane også vil gagne andre lokale næringsaktørar.

− Vi skal inngå avtaler med lokale leverandørar. På den måten utnytter vi ressursane i lokalmiljøet og får samtidig god kontroll over heile byggeprosessen. Dette vil komme både det lokale næringslivet og ikkje minst kundane til gode, seier Meland.

Fornøgd partnar

BoligPartner er nøgde over å få med seg Din Bustad på laget når dei no rykkjer inn i Eid og omegn.

− Din Bustad består av Vegard Meland og Svein Lasse Bødal. Dei  er solide og har lang og god erfaring innan bustadbygging. Dei står for kvalitet og tryggleikt, og vi er svært fornøgde over at dei no blir vår forhandlar i regionen, seier Tom Johan Dahl, forhandlardirektør i BoligPartner.