Dette var ein del av vedtaket i kommunestyret, då saka om eit konsept for plassering av ei flytekai i stor skala, så kalla SeaWalk, ved godsterminalen på Nordfjordeid var oppe onsdag.  Kaia skal brukast som flytekai og landgang ved mottak av turistskip. Nordfjord Serviceterminal AS v/John Olav Lefdal og Cruise Ventures v/Arthur Kordt og Ole Heggheim har opplegget klart for etablering av selskapet SeaWalk Nordfjordeid AS.

Har fått eit gjennombrot

Eid kommune og Nordfjord Hamn IKS er invitert inn på eigarsida i det nye selskapet.  Så langt har Nordfjord Hamn ikkje realitetsbehandla førespurnaden, trass i fleire purringar.

– Nordfjord Hamn er godt kjende med fristen som er sett, men likevel valde styret ikkje å setje saka på kartet i juni. Derfor er det naturleg å sjå på andre mulegheiter, sa Alfred Bjørlo (V).

Han fortalde at ein har fått eit gjennombrot når det gjeld private investorar, og at ein er nær ei samla løysing, uavhengig av bidrag frå Nordfjord Hamn.

– Dette er dei innforstått med, sa Bjørlo.

Sette ned foten

Tore Hjelle (H) gav klart uttrykk for at no får nok vere nok.

– Nordfjord Hamn har investert millionbeløp mange andre stader, men i Eid er det minimalt. Det er klart at vi må vurdere om vi år etter år skal betale for å vere med i dette selskapet, sa Hjelle.

Han fekk svar frå Lars-Svein Drabløs, som var skeptisk til å ha eit punkt om muleg utmelding i eit formelt vedtak.

– Eg skal stemme for, men eg likar det ikkje. Eg er like frustrert over Nordfjord Hamn som alle andre, men å gå i forhandlingar med ei krigserklæring er ikkje det smartaste, sa Drabløs.

Vedtaket

Vedtaket som vart fatta i kommunestyret var eit alternativt framlegg til vedtak frå Sp, V, H, Ap, Krf og Frp i fire punkt:

1. Eid kommune går inn med inntil kr 3.2 mill i aksjekapital i SeaWalk Nordfjordeid AS (SUS). Midlane vert finansiert frå kommunen sitt ubunde investeringsfond.

2. Det er ein føresetnad for punkt 1 i vedtaket at det ligg føre ein samla, forpliktande finansieringsplan for å realisere prosjektet.

3. Kommunestyret ber Rådmannen greie ut ei mulig utmelding av Nordfjord Hamn IKS med sikte på å organisere hamneverksemda i eigen regi eller i samarbeid med andre kommunar i midtre/indre Nordfjord, jmf. vedtak om ei slik utgreiing i samband med vedtak av årsbudsjettet for 2016.

4. Kommunestyret er kjend med at Nordfjord Hamn IKS vil ta stilling til eventuell deltaking i SeaWalk Nordfjordeid i august 2016. Eid kommune er opne for at Nordfjord Hamn IKS kan gå inn på eigarsida i SeaWalk Nordfjordeid etter at dei har avklart saka i august.

Eit tilleggsframlegg frå Tore Hjelle (H) vart også vedtatt:

Tillegg til pkt. 4 i fellesframlegget: Dersom Nordfjord Hamn går inn på eigarsida skal Eid kommune sin eigardel reduserast til 2,7 millionar kroner.