− Til saman er det sju kulehol i glasrutene. Denne døra leier direkte inn til rommet kyrkjegardsarbeidarane nyttar som pauserom når dei arbeider på gravplassen, til dømes ved gravferder. Både bordet og stolane inne på pauserommet var dekka av små glasbrot frå kulehola. Det kunne vore svært alvorleg om nokon hadde opphalde seg i rommet når skota vart avfyrte, skriv Kristen Hundeide, kyrkjeverje i Eid, i ein epost til Fjordabladet og legg til at hærverket vart oppdaga ev kyrkjegardsarbeidarane ved gravferd torsdag 23/6.

Meldt til politiet

Kyrkja i Eid ser svært alvorleg på slike hendingar – og har meldt saka til politiet.

− Om nokon som har opphalde seg på eller i området kring gravplassen i tida før torsdag 21. juni, og  har sett eller høyrt noko som kan ha samanheng med skytinga, bed vi om at dei tek kontakt enten med lensmannskontoret i Eid eller med kyrkjeverja på tlf. 97034535, skriv  Kyrkjeverje Kristne Hundeide i ein epost til Fjordabladet.

Denne døra i klokketårnet har vore gjenstand for skyteøving. - Heldig at det ikkje var nokon bak døra, seier Kristen HUndeide, kyrkjeverke i Eid. Foto: Privat
Kulehola visast tydeleg på dette biletet. Foto: Privat
I følgje kyrkjeverjen har det tolalt blitt fyrt av sju skot mot glasa i døra.