Det betyr at butikkane i Eid kommune må stenge ølsalet to timar tidlegare enn i nabokommunane. At dette vart den endelege avgjerda i kommunestyret onsdag var slett ikkje uventa, då dette også var konklusjonen til formannskapet. Bakgrunnen er avtalen som vart gjort mellom Høgre, Venstre, Framstegspartiet og KrF valnatta i fjor haust. Der fekk KrF inn eit punkt om at sals- og skjenketidene i Eid kommune skulle halde fram som før.

Heldt avtalen

For at det skulle bli fleirtal for ei endring i kommunestyret, måtte derfor ein avtale brytast. Dette understreka Lars-Svein Drabløs (Frp) at han ikkje ville gjere.

– Det er ikkje nokon stor kamel å svelje, sa Drabløs, som klart gav uttrykk for kva han meiner om salstidene i Eid kommune.

– Eg trur ikkje restriksjonar på klokkeslett har noko som helst innverknad, sa Drabløs.

Han sa tvert imot at han trur samfunnsproblem med alkohol har heilt andre årsaker.

– Eg vaks sjølv opp i eit miljø der det var uakseptabelt å nytte alkohol. Eg trur dagens problem hos vaksne skriv seg frå den tida, sa Drabløs, og viste til at medan unge i Eid drikk mindre, er trenden den motsette hos eldre.

Rosa ungdomen

Drabløs uttrykte glede over at alkoholkonsumet blant unge i Eid går nedover.

– Eg er mest glad for haldningane blant ungdomen. Dei er mykje meir opplyste enn tidlegare, sa Drabløs.

Sissel Ommedal sa dette om den rusmiddelpolitiske handlingsplanen, som vart vedteken i kommunestyret.

– Det er ein veldig god plan. KrF er ikkje imot alkohol i seg sjølv, men vi ser ingen grunn til utviding av salstidene då Eid er i positiv utvikling i forhold til alkoholbruk.

Idrett og kultur

Rolf Lefdal (Sp) støtta Drabløs i at det er andre årsaker til nedgangen i alkoholbruken blant unge i Eid enn salstidene for øl i butikk.

– Dette er faktisk ein god plan. Omsettinga av alkohol har gått ned, og vi har høgare debutalder. Eg trur at mykje av det som blir gjort innan idrett og kultur, og at ein ikkje slepp ungdomen ut i gatene utan tilsyn, har mykje å bety, sa Lefdal, som meiner at salstidene for øl i butikk er uheldige.

– Andre rundt oss legg merke til det. Vi skal vere ein turistplass, men ein får ikkje kjøpt øl om kvelden som andre stader, men klokka åtte morgonen etter får ein kjøpe, sa Lefdal, som kom med framlegg om å tilpasse salstidene til nabokommunane.

– Ta ein for laget

Siri Sandvik (Ap) sa at det er stort fleirtal i partiet lokalt for å vidareføre dagens alkoholpolitikk.

– Dette er ikkje ein plan for næringsliv eller turisme. Dei som vil ha tak i alkohol, får tak i det. Dessutan er vi ikkje så spesielle som mange vil ha det til, sa Sandvik, og viste til at ein har tilsvarande salstider for øl i butikk i Førde.

– Det handlar om å ta ein for laget. For dei som ikkje har kontroll. Ein må også hugse på at det er snakk om å vidareføre gjeldande reglar, ikkje stramme inn, sa Sandvik.

Ingen endringar

Rolf Lefdal (Sp) kom med to endringsframlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan. Det eine var at salstid for øl skal vere til klokka 20 på kvardagar, og til klokka 18 på laurdagar. Det andre var at ein ikkje skal ha noko tak på ambulerande skjenkeløyve (i dag er det eit tak på fem slike løyve). Begge framlegga fekk berre støtte frå Senterpartiet sine medlemmer og fall.

Får servere brennevin

Kommunestyret i Eid vedtok onsdag at utestaden Opp Trappa får skjenkeløyve for gruppe 3 (brennevin), slik andre utestader i Eid har, etter framlegg frå Rolf Lefdal (Sp). Dette var i strid med rådmannen si tilråding. I vurderinga heiter det blant anna at målgruppa til Opp Trappa vil hovudsakleg vere ungdom, og at det derfor ikkje er behov for å gje skjenkeløyve for brennevin. Lefdal sitt framlegg vart støtta av eit samrøystes kommunestyre, inkludert Sissel Ommedal, KrF.