Opparbeidinga av tomtene kostar Eid kommune 17 millionar kroner. I tillegg kjem ny ridesti på 5 millionar kroner, og nytt vassverk til 14 millionar kroner. Totalentreprisen er det K.A. Aurstad som har, samla er det ein prislapp på 36 millionar kroner eks moms.

Grovarbeid klart i desember

Opparbeidinga til dei 38 bustadtomtene, og dei fire fellesbustadtomtene (leilegheiter, rekkehus) skal vere ferdig i desember i år. Det er berre seks månader til.

Arbeidet med klargjering av veg, vatn og avløp går føre seg for fullt av entreprenøren K.A. Aurstad. Kontrakten deira skal vere ferdig i desember. Omkring 15 mann er i sving, 12 frå K.A. Aurstad, og 3 frå ein underleverandør på betong. Til våren vil Eid kommune gjere finpussen med å legge på jord, såing og klargjering av to leikeplassar.

Ifølge prosjektleiar Einar Hessevik, føl dei framdrifta planen slik dei skal.

– Grovarbeidet med vegar, vatn, avløp og kabelanlegg vil vere klart ved utgangen av dette året. Mesteparten av vatn og avløpsanlegget er på plass allereie, og vegane er oppsprengd, og no vert dei forma slik dei skal ligge.

Sjølv trur og håpar Hessevik at interessa for å  kjøpe tomter tek seg opp, når vegane blir ferdige, og ein kan sjå korleis tomtene ligg i forhold til den.

For dyre tomter?

Tomtene har eit areal på 843–1098 m². Tomteprisane ligg frå kr 590.000 til kr 760.000 for den største tomta. Berekna pris er kr 692 pr. m², med årleg justering i samsvar med konsumprisindeksen. Anleggskostnadar er medrekna i prisen. Det er fire område som er tiltenkt konsentrert bustadbygging, som leilegheiter og rekkehus. For desse gjeld eigne prisar og prospekt. Desse er enno ikkje klare frå Eid kommune.

– Vi opplever at mange ringer og er interesserte i å kjøpe tomter. Dei spør om forskjellige ting. Vi har ein interessent no, men vedkommande har førebels ikkje skrive under noko, seier prosjektleiar for bustadsal Jannike Hoteng i Eid Kommune.

Ho ser heller ikkje mørkt på tomtesalet, og reknar med folk kjøper når dei ser korleis det blir.

Avslag om å vere spydspiss

Nyleg fekk Eid kommune avslag på søknad om å vere spydspiss for berekraftige bustadar av Husbanken.

– Dette var veldig synd. Vi hadde ein plan om å nytte Energikompetanse senteret til rådgiving for hus kjøparar, men kva som blir vegen vidare er usikkert. Dette må opp til politisk handsaming. Vi har likevel noko rådgjeving til nye huskjøparar, men med avgrensa midlar, seier prosjektleiar for bustadsosial handlingsplan Roger Oppedal.

Rideveg til 5 millionar

I samband med ny hovedvassledning, lagar Eid kommune ny rideveg frå Fjordhestsenteret og heilt opp til Vårsetra, opp langs Hogaåsen.

– Dette arbeidet med ridestien går føre seg parallelt. Her vil det bli ein grusa veg heilt opp til Vårsetra. Det vil også komme eit nytt høgdebasseng like ovanfor Fjordhestsenteret i samband med omlegginga av vatn frå Hornindalsvatnet. Bygget vil vere rundt, og om lag 4–5 meter høgt, seier Hessevik.

Einar Hessevik, prosjektleiar Hogaåsen Eid kommune. Foto: Anna Wuttudal