− Bru over Voldsfjorden vil redusere reisetida mellom Nordfjordeid og Volda til 30-35 minutt. Det vil knyte Volda/Ørsta og Midtre/Ytre Nordfjord langt tettare saman enn i dag som felles bu-, service- og arbeidsmarknadsområde. Eid kommune ser svært positivt på dei nye mulegheitene det vil gje innbyggjarar og næringsliv på begge sider av fylkesgrensa, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.

Involverte og engasjerte

Eid kommune har tidlegare gått inn med 100.000 kroner i aksjekapital i selskapet Nordfjordkryssing AS. I ettertid overtok kommunen også EUF sine aksjar.

I saksutgreiinga skriv rådmann Åslaug Krogsæter: «Administrasjonen finn at kommunal støtte til eit slikt selskap skal vere reell, og ikkje berre symbolsk. Det vert difor tilrådd at Eid kommune går inn som aksjeeigar med ein kapital på 50.000. Skal slike selskap lukkast i arbeidet sitt er det viktig at både kommunar og næringsliv er involverte og engasjerte.»

Vedtaket om å gå inn med aksjekapital var samrøystes i kommunestyret i Eid, og i tråd med rådmannen si instilling. .