Det var ordførar Alfred Bjørlo som sto for utdeling av heidersteikn, gode ord og blomar.

Torbjørn Leivdal vart tilsett som gartnar/arbeidsleiar i uteseksjonen i 1991.  Frå 1999 til 2011 har han også arbeidde som brannkonstabel.

Magni Nordal Strømmen  vart tilsett som timelærar for undervisning av innvandrarar/flyktningar frå hausten 1991.  Frå hausten 1992 har ho vore tilsett som lærar ved Nordfjordeid skule, der ho framleis har sitt daglege virke.

Reidun Rand Hjelle vart tilsett som førskulelærar/avdelingsleiar i Eid barnehage i 1991.  Frå hausten 1997 har ho arbeidd som lærar i full stilkling ved Hjelle skule.

Rasmus Hendenbyrja i Vernepleietenesta i 1991.  Han starta som assistent og vart autorisert omsorgsarbeidar frå august 1997.  Han har og arbeidd i heimetenestene og ved Eid sjukeheim.  Han arbeider no som fagarbeidar i heil stilling i vernepleietenesta.

Sølvi Nordnes har hatt arbeidsstaden sin ved Eid sjukeheim frå september 1991 og arbeider framleis der i 75 % stilling.  Ho har også arbeidd både i vernepleietenestad og ved Eid eldretun.

Anne Bjørlo arbeidde i div. vikariat ved Nordfjordeid skule frå 1985 til 1991.  Skuleåret 1991/1992 arbeidde ho i vikariat ved Eid ungdomsskule og Haugen skule.  Frå hausten 1992 og til d.d. har ho arbeidd i 100 %  som lærar ved eid ungdomsskule.

Jan Ove Møll byrja i vernepleietenesta i juni 1991.  Han vart fast tilsett i april 1992.  Han har og jobba i heimesjukepleien.  Jan Ove utdanna seg til sjukepleiar og fekk autorisasjon frå juni 2003.  Han arbeidde ca. 1 år som sjukepleiar ved Eid eldretun.  No arbeider han som miljøterapeut i heil stilling i vernepleietenesta.

Unn Elin Carlsen byrja som musikkskulelærar i kulturskulen i 1991.  Ho har og arbeidd som lærar ved Nordfjordeid skule.  Ho var tilsett som rektor i kulturskulen frå 2003 fram til ho sa opp denne stillinga frå 01.08.2011.  Unn Elin Carlsen arbeider no som lærar i flyktningetenesta.

Anita Lotsberg  har arbeidd som hjelpepleiar ved Eid Eldretun frå 1991 og arbeider framleis der i 75 % stilling.

Tilsette i Eid kommune som sluttar etter meir enn 30 års teneste:

Reidun Borgestrand byrja som førskulelærar i Stårheim barnehage i 1979.  Frå august 1999 til des. 2000 vikarierte ho som styrar i barnehagen.  Ho arbeidde som pedagogisk leiar frå 2001 til april 2012. Då styrarjobben vart ledig, fann Reidun ut at dette kunne vere ein jobb for. Reidun har styrt Stårheim barnehage frå og med våren 2012 til dags dato.

Aud Berstad Dolve har arbeidd ved  Eid sjukeheim sidan februar 1978.  Ho har arbeidd som assistent ved kjøkkenet i 100% stilling.  Aud slutta 30.04.2016 etter 38 års teneste for Eid kommune.

Britt Svarstad har arbeidd som lærar i Eid kommune sidan august 1975.  Ho har vore innom både Eid ungdomsskule, Haugen skule og Stårheim skule. Frå august 1987 vart ho fast tilsett som lærar ved Nordfjordeid skule og har arbeidd der sidan.  Britt Svarstad har sagt opp stillinga med verknad frå 01.08.2016 etter 41 års teneste for Eid kommune.