Frå 6015 innbyggjarar i Eid kommune i dag, til 6500 innbyggjarar i 2040. Ein auke på 7,5 prosent, eller 485 fleire eidarar 25 år fram i tid.

Dette viser ferske framskrivne folketal frå SSB som kom i dag. Ei lysare framtid enn det tala frå 2014 viste, då prognosen var på 5,5 prosent auke. Eid kommune har dermed gått fram i køen over kommunar med positiv folkeauke, og ligg no på linje med dei nasjonale tala som er på gjennomsnittleg 7,7 prosent auke fram mot 2040.

Stryn held posisjonen

Det er likevel Stryn kommune som kjem best ut når det gjeld kommunane i Nordfjord. Forventa folkeauke i Stryn fram mot 2040 er på heile 12 prosent. Frå 7168 innbyggjarar i dag, til 8100 i 2040. Eller 932 fleire stryningar dei neste 24 åra.

Bremanger er taparen

Verst er det for Bremanger som har forventa endring på minus 6,4 prosent, eller 246 menneske mindre. Frå 3846 i dag til 3600 i 2040. Selje kjem også dårleg ut med minus 4,3 prosent. I Hornindal er folketalet forventa å bli stabilt på 1200 innbyggjarar.

Dårlegare for Vågsøy

Store endringar frå førre folketalsframskriving opplever også Vågsøy. Dei har forventa folketalsauke på berre ein prosent, medan  prognosen i 2014 var på sju prosent. Også Gloppen har redusert si stilling som ei kommune med gode prognosar innan folkeauke.

Lysare i Eid

Dei to einaste kommunane i Nordfjord som har hatt framgang med betre folketalsutvikling i høve til førre prognose i 2014 er Eid og Hornindal. Med unntak av Stryn som er stabil, opplever alle dei andre kommunane i Nordfjord å komme dårlegare ut i høve til førre folketalsframskriving.

Auke i midtre og indre

Fram mot 2040 kan det bli 1367 fleire nordfjordingar. Frå 32.833 i dag til 34.200 i 2040. Denne auken kjem i all hovudsak i midtre og indre Nordfjord, med størst auke i kommunane Stryn, Eid og Gloppen. Tala viser tydeleg ein sterk tilbakegang i ytre Nordfjord, sjølv om Vågsøy har ein svak auke på ein prosent.

Betre i Hornindal

Hornindal har også gjort eit hopp oppover på tabellen over kommunar med positiv utvikling. I 2014 viste prognosane for Hornindal ein tilbakegang på minus seks prosent. Ferske tal viser eit stabilt folketal i Hornindal fram mot 2040.

Fire kriterium

Dei framskrivne folketala er rekna ut i frå fruktbarheit, levealder, innanlands flytting og innvandring. Og denne saka er laga ut frå ein forventa middels folketalsutvikling nasjonalt, noko som er det mest realistiske.

KommuneFramskriven auke i folketalet frå 2016 til 2040 (%)Framskrive folke-tal frå 2014  (%)Endring frå folketalsfram-skrivinga  i 2014  (%)
Stryn+12,0+12,00
Eid+  7,5+  5,5+2,0
Gloppen+  5,0+   6,0-1,0
Vågsøy+  1,0+  7,0- 6,0
Hornindal0,0–  6,0+ 6,0
Selje– 4,3– 2,0- 2,3
Bremanger– 6,4+  3,0- 9,4
Heile Nordfjord+ 2,11+ 3,7- 1,59

Tabellen under viser nominell framskriven folketalsvekst i kommunen i Nordfjord frå 2016 til 2040.

Kommune20162040Endring
Stryn71688100(+ 932)
Eid60156500(+ 485)
Gloppen57846100(+ 316)
Vågsøy60466100(+  54)
Hornindal12001200(       0)
Selje27742600(– 174)
Bremanger38463600( –246)
Heile Nordfjord32.83334.200(+ 1367)