Hanne Boel, Henrik Thodesen, Margot og Hans-Wilhelm Steinfeld er nokre av dei mange som skal syte for store opplevingar til publikum i Operahuset Nordfjord komande sesong.

Sesongprogrammet 2016

Tysdag 6. september: Absence Crew

Laurdag 10. september: Margot - Alt i boks

Onsdag 5. - laurdag 15. oktober: Hoffmanns eventyr, Opera Nordfjord

Laurdag 22. oktober: Doug Seegers

Tysdag 25. oktober: Foredrag Berit Nordstrand

Fredag 4. november: Hanne Boel

Tysdag 8. november: Kvinna frå før

Onsdag 9. november: Foredrag Hans-Wilhelm Steinfeld

Fredag 25. - søndag 27. november: You’re a Good man, Charlie Brown - Opera Nordfjord

Fredag 2. desember: O helga natt, Hanne og tre tenorar

Laurdag 3. desember: Min kamp, Karl Ove Knausgård

Fredag 9. og laurdag 10. desember: Lattergalla med Henrik Thodesen mfl

Følgjande arrangement i januar/februar 2017 er også lansert no:

Torsdag 26. januar: Hekla stålstrenga

Måndag 30. januar: Heia Flåklypa!

Fredag 3. og laurdag 4. februar: Klypa presenterer: Kjellen - med prostata mot stjernene

Varierte godbitar

Dans, humor, foredrag, country, teater, soul, opera, musikal, folkrock og mykje meir står på programmet i Operahuset Nordfjord.

– Aldri før har vi hatt ein så sjangermessig variert sesong. Her er det godbitar og store opplevingar for alle, seier operahusleiar og kultursjef Geir Holmen.

Country frå Nashville

Ei veke etter at ovasjonane frå operaen Hoffmanns eventyr 5. - 15. oktober har lagt seg, inntek Doug Seegers scena. Den heimlause singer-songwriteren frå Nashville vart oppdaga av ei svensk countrystjerne, og no er Doug Seegers superstjerne i Sverige. 22. oktober får vi oppleve den sjelfulle musikken hans.

Hanne Boel

Danske Hanne Boel gjorde braksuksess i 1988 med sin soulprega musikk. 15 album og fleire tusen konsertar over heile Europa gjer ho til ein av dei fremste og mestseljande artistane i Skandinavia. Fredag 4. november tek ho med seg bandet sitt til Operahuset Nordfjord. Det blir soul, blues, jazz - gamle låtar i ny drakt og andre låtar Hanne Boel har eit nært forhold til.

Russiske røvarhistorier

Hans-Wilhelm Steinfeld har blitt servert kaffi av Putin, drukke vodka med Jeltsin, og kjent Gorbatsjov sidan 1975. Onsdag 9. november fortel han om sitt fantastiske liv, i foredraget med tittelen «Russiske røvarhistorier».

Lattergalla

Fredag 9. og laurdag 10. desember kjem tre fantastiske komikarar til Operahuset Nordfjord, for å underhalde publikum med humorshow. Henrik Thodesen, Jonas Kinge Bergland og Dora Thorhallsdottir inviterer til Lattergalla i den aller beste julebordsesongen.

Eksklusivt suksessteater

Karl Ove Knausgård har gjort enorm suksess med romanserien «Min kamp». Historia vart gjenskapt på scena i Sverige i fjor, til jublande kritikkar, ekstraframsyningar og fjernsynsoverføring. Til hausten tek Riksteatret den norske versjonen med seg på turné, og Operahuset Nordfjord er einaste spelestad mellom Os utanfor Bergen og Molde.

Berit Nordstrand

Legen, seksbarnsmora, forfattaren, foredragshaldaren og livsnytaren Berit Nordstrand er landskjend for sine livsstilsråd. «Ta vare på deg sjølv - 12 år yngre på 12 veker» er tittelen på foredraget ho held i operahuset tysdag 25. oktober.

O helga natt

Mange publikummarar har ønskt seg julekonserten med Hanne og tre tenorar tilbake i operahuset. 2. desember får dei ønsket sitt innfridd, fem år etter førre julekonsert her. Hanne Krogh har med seg Thomas Ruud, Kristian Krokslett og Jan Erik Fillan på konserten «O helga natt».

Dans og humor

Absence Crew byr på eit forrykande danseshow tysdag 6. september. Fire dagar etter kjem sjølvaste Margot frå Sunnmøre på besøk, spelt av Ina Breivik. Showet med henne og Øyvind Angeltveit har sett billettrekordar både i Bergen og Ålesund. Ina vart også nominert til Komiprisen for «Margot - Alt i boks».

Musikalsk komedie

Opera Nordfjord set for andre året på rad opp ei familieframsyning i tillegg til operaproduksjonen. 25. - 27. november kan publikum oppleve den musikalske komedien basert på teikneserien Charlie Brown. Lokale barn i distriktet spelar hovudrollene.

Hekla stålstrenga

Tre arrangement etter nyttår er også lagt ut for sal. Publikum kan gle seg til stemningsfull musikk frå nord torsdag 26. januar. Hekla stålstrenga har mange radiohitar, blant anna «Har du fyr».  3. og 4. februar blir det mykje latter når Klypa inntek operahuset med showet «Kjellen - med prostata mot stjernene». Og både barn og vaksne kan gle seg til «Heia Flåklypa!» måndag 30. januar.