Der vil ein ta utgangspunkt i resultat frå rådgjevande folkerøystingar og innbyggarundersøking når ein skal stake ut kursen vidare.

Dersom innbyggjarane i både Eid kommune og Gloppen kommune seier klart ja til kommunesamanslåing går prosessen sin gang med politisk avgjerd om ein skal søkje om kommunesamanslåing og med formell godkjenning av intensjonsavtalen mellom dei to kommunane i kommunestyra i løpet av juni.

Vil ta kontakt med naboane

Dersom det blir nei i Gloppen, må politikarane i Eid bestemme seg for kva ein vil gjere vidare.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo meiner at det i ein slik situasjon vil vere naturleg å ta kontakt med nabokommunane Vågsøy, Selje, Hornindal og Stryn og det kan også bli aktuelt å samtale med Volda.

– Dette må ein drøfte i kommunereformutvalet, og så må formannskapet ta ei avgjerd. Vi veit at Vågsøy og Selje er interessert, og eg oppfattar at det også er interesse i Stryn, seier Bjørlo.

Stryn og Hornindal er som kjent i dialog med Volda om kommunesamanslåing. Stryn skal ha folkerøysting 13. juni. Stryn skal som Eid også gjennomføre innbyggarundersøking, medan Hornindal berre skal ha innbyggarundersøking om kommunesamanslåing.