Ordførar Alfred Bjørlo orienterte om bakgrunnen for kommunereforma og refererte dei viktigaste argumenta han såg for samanslåing mellom Eid og Gloppen.  Sjølv ville han helst prioritere ein stor Nordfjordkommune, men når dette no er mindre aktuelt,  er kommunesamanslåing Eid/Gloppen eit godt alternativ.

Kommunalsjef Kari Krog orienterte om dei store utfordringane kommunane står framfor på helse og sosialsektoren.  Samanslåing med andre kommunar vil gje sterkare fagmiljø, men det må også leggjast vekt på nærleik til tenestene og god kontakt mellom kommunen og publikum.

Beste alternativet

Det var 18 frammøtte som deltok aktiv i diskusjonen etter innleiingane.  I debatten kom det klart fram at mange var på linje med ordføraren om at  Eid og Gloppen som ein kommune er det beste alternativet når Nordfjordalternativet ikkje lenger er aktuelt.  Dette måtte likevel ikkje vere til hinder for at samarbeidet  i Nordfjordrådet  framleis skal ha høg prioritet.

Pensjonistane var også opptekne av korleis den generelt aukande digitaliseringa i samfunnet  vil bli handtert i storkommunen. Tenestesentra og støttefunkjsonar må byggjast ut slik at det blir gitt god hjelp og service til dei store gruppene som slit med digital kommunikasjon.  I debatten var ein også inne på klimakonsekvensar og faren for at  kommunesamanslåinga vil kunne medføre aukande tranportutgifter.  Også konsekvensar for tilbod og kapasitet innanfor eldreomsorga var sterkt framme i diskusjonen. Møtet vart leia av Reidar Sørland, skriv Eiliv Berdal i referatet frå møtet.

Reidar Sørland leia møtet til Eid Pensjonistlag om kommunereforma. Foto: Eiliv Berdal