Eid kommune har i samband med planstrategiarbeid bede utviklingslag og andre om å kome med innspel om utfordringar eller tema som ein meiner er interessante.

Haugen og Dalen bygdeutviklingslag arrangerte for ei tid tilbake bygdemøte, og ei av dei sakene som folk i bygda er svært opptekne av er at vegkryssinga Haugen/RV15/Klenkarberget blir følgt opp.

Leiar i bygdeutviklingslaget Ove Mikal Haveland skriv i innspel til planstrategiarbeidet at dei ikkje synest at utbetring av Bjørhovde bru med gangveg langs brua er ei god løysing, slik Statens vegvesen no utgreier. Haveland peikar på at dette ikkje er den kortaste vegen for fleirtalet av brukarane. Ein kan heller ikkje sjå at det vil vere økonomisk lønsamt anna enn at ein sparar pengar på forstudie og anleggsrigging.  Det vert mellom anna peika på at tilkomstvegen til gangveg over Bjørhovde bru vil føre til innskrenking av parkeringsplass ved Ortra og miljøstasjonen som er opparbeida med natursteinsmur som då må rivast.

–  Dersom ein ikkje går for denne løysinga, må det jobbast for å få til ein overgang over RV15, slik det blei foreslått på møte med SVV og driftsavdelinga på kommunen 15. januar 2016, skriv Haveland i innspelet til kommunen.

Utbetring av fylkesveg

På bygdemøtet på Haugen vart det ytra ønske om utbetring og betre mulegheiter for passering på strekninga Haugen - Espe bru. Her er i pressa periodar, ofte vinterstid, mykje trafikk grunna aktivitetane på Harpefossen og hytteeigarane oppe i dalen. Det er også ein god del tungtrafikk grunna landbruk, hyttebygging, trafikk i samband med anleggsarbeid, Espe trevare og A.O. Bakke sag.

Utviklingslaget peikar på at det ligg inne ei tilråding i Regional transportplan om bruk av 23 millionar kroner på heile strekninga FV661 Haugen- Myrold, og dei ber om at dette vert følgt opp slik at utbetringar blir gjennomførte.

Fullføring av gangveg

Leiaren i utviklingslaget peikar vidare på at ein ønskjer fullføring av gangvegen frå Haugland/Nedre Lid til Eid.

Haveland skriv at ein er einige om at dagens grusvegar på nedre Lid og inn til «Svårane» kan fungere som gang/sykkelveg. Det same gjeld vegen opp mot Skårhaug via byggefeltet og inn på gang/sykkelvegen langs RV15. Dermed er det ikkje lange stykket som må skøytast på for å få ein ferdig og samanhengande gang/sykkelveg Eid-Haugen.

– Denne traseen kan ein legge nedom dei nye stolpane til SFE langs Skårhaugstranda, noko som vil redusere behovet for sprengingsarbeid. Gangvegen vil då komme opp frå støy og støv frå vegtrafikken og ein vil få utsikt over fjorden. I og med at det planleggast eit større kommunalt byggegfelt på Lid,  vil dette verte teneleg for mange. Både born og vaksne kan kome seg til og frå jobb og aktivitetar på Eid/Haugen ved hjelp av sykkel på trygg veg. Det vil absolutt være positivt for folkehelsa å binde desse to tettstadane saman med eit slikt tiltak, påpeikar Haveland.

Oppgradering av gymsal

Leiaren i bygeutviklingslaget melder vidare at det på bygdemøtet vart ytra bekymring for at bebuarar i det nye tiltenkte byggjefeltet ved Lid og retning Eid vil plassere borna sine på skule og barnehage i Eid, sidan avstanden er omtrent lik avstanden til Haugen skule og barnehage. Ein ser ei mulig utfordring når det gjeld å halde på elevtalet i Haugen skule, og bygdefolket er opptekne av å sikre framtida for skulen og  barnehagen. Derfor er skulen, idrettsanlegg og gymsal noko som dei meiner må bli prioritert.

– Gymsalen på skulen må så absolutt oppgraderast. Elevar, bygda og kommunen vil vere tent med ein utbedra gymsal med betre garderobefasilitetar, påpeikar Havleand. Han viser til at der er fleire idrettsgrupper som leiger per i dag, men også fleire som kunne tenke seg å nytte gymsalen på ettermiddag og kveldstid.

Asfaltering og møteplassar

Asfaltering av Naustdalvegen og vegen til Halsteinslid frå FV661, fleire møtepunkt på Løkjavegen, betre tursti langs Hjalma-elva, betre lys i Åsen byggjefelt der mange av stolpane er i dårleg fatning og der er mange mørke strekningar er bygdefolket også opptekne av. Dei er også opptekne av at idrettsanlegget på Klenkarberget blir vedlikehalde, slik at det blir mest mogleg tatt i bruk til arrangement og idrett.

Når det gjeld område for bustadfelt, så vert det peika på at «Område B20» i Arealplanen bør være godt eigna for dette.

Jobbar med fibertilgang

Leiaren i utviklingslaget skriv i innspelet til kommunen at det vert jobba med eit større prosjekt som gjeld fiber til bygda. Dette er breibandsteamet i kommunen i gang med å søkje om tilskot til i år. Dersom ein ikkje får støtte, må ein jobbe vidare med andre løysingar for å betre kapasitet og hastigheit på internett for krinsen.