− Å gje mat og omsorg treng vi ikkje øving i. Men så er det dette med å greie å kalle inn fort og effektivt. Vi i styret hadde laga fylgjande  hending: To born,7 og 8 år er komne bort i skogen/fjellet over Skipenes/Os. Leiteaksjonen er i gong. Omsorgsgruppa lagar mat til leitemannskap. Samlingsstad er Vallhall. Møt opp så fort du kan. Denne meldinga kom til dei tre som skal kalle inn, seier Ragnhild Bjørlo.

− Det var lenge sidan vi hadde prøvd oss på ei innkalling, så vi var spente på korleis dette skulle gå. Meldinga gjekk ut kl. 17.25.  Den fyrste som kom fram til Vallhall, var der etter ti minutt. Og så kom damene på rekkje og rad. Og på mindre enn 30 minutt  var der 16 som kunne stille til arbeid. Ingen av dei frammøtte visste at det var øving, og dei var veldig ivrige etter å kome i gong. Kan hende var dei litt skuffa då dei ikkje skulle gjere anna enn å smake på kaffien og kakene som stod på bordet. Men vi såg på kvarandre og var synleg stolte over at denne innkallinga hadde gått så fort og effektivt.

− Ein må jo alltid rekne med at nokon er sjuke, bortreiste, sit i møte med meir. Dersom dette var realistisk, hadde vi i alle fall fire til som kunne ha kome etter litt tid. Ein ting er sikkert:  Sanitetskvinnene kan snu seg rundt fort. Ved kriser og ulukker legg dei sitt eige til sides og er klare for å hjelpe andre. Kommunen kan vere stolt over å ha ei slik gruppe og slike kvinner som på svært kort varsel er villige til å stille opp når ulukka er eit faktum. Vi skal også ha med i minnet at dette er dei same kvinnene som stiller opp i alt  Sanitetsarbeid i bygda vår. Neste gong er det kan hende alvor, og vi er klare. No veit vi og alle at Omsorgsberedskappsgruppa på Nordfjordeid greier å kome fort til staden, seier Ragnhild Bjørlo, som sit i styret til Nordfjordeid Sanitetsforening si omsorgsgruppe.