Alf Reidar Myrstad skriv i eit referat at medlemsmøtet drøfta viktige saker som; Korleis skal ein klare å oppretthalde dagens tilbod i Eid kommune i den nye kommunen? Kva skjer med utviklinga når plassering av rådmann og ordførar blir på Sandane? Korleis vil satsinga bli i framtida om vi samanliknar dagens Gloppen og Eid kommunar? Vil det bli meir satsing i Gloppen enn Eid sidan der er kommunesenter? Kva kan skje i høve representasjon i det nye kommunestyret? Vil Eidarane bli i mindretal? Korleis skal vi eventuelt klare å mobilisere/drive lokalpolitikk der vi får til utvikling i heile kommunen?

Engasjement

− Innbyggjarane og Sp-medlemmane er opptatt av å ivareta dagens tenestenivå inn i den nye kommunen. Medlemmane uttrykte uro for at ein misser sentrale politiske og administrative posisjonar lokalisert til Eid rådhus. Det vart også framheva at intensjonsavtalen gav mange fordelar til Gloppen sjølv om at satsing og utvikling vil stagnere i Eid, sentralisering av barneskular med meir, skriv Alf Reidar Myrstad som viser til at ei kommunesamanslåing må handle om meir enn økonomi.

− Samstundes er det økonomi som skal til for å løyse dei utfordringane vi har i Eid, og i Gloppen. Ei frivillig samanslåing vil truleg skape eit grunnlag for samarbeid om å løyse utfordingar/oppgåver i heile «nye-kommunen» på best mogleg måte. Dersom kommunesamanslåing skjer med tvang, er det meir truleg at det kan oppstå kampar fordi ein ikkje identifiserer seg med «nye-kommunen». Det blir viktig for alle parti i dagens Gloppen og Eid at engasjementet er like stort, og aller helst større enn i dag, for å få til politikk som har fotfeste i folket. Dette vil og vere viktig for å få posisjonar og påverknad i den nye kommunen, heiter det i referatet frå medlemsmøtet i Eid Sp.

Attraktive

− Kva vil vere fordelar med ei ny felleskommune? Felles og sterkare satsing på næringsutvikling også medrekna landbruk. Felles satsing og vidareutvikling innan skule og kultur. Vi vil saman vere ei stor kommune i Nordfjord, og vi vil vere viktige med tanke på konkurransen om å få statlege arbeidsplassar, utvikling av infrastrukturar innan veg og datanettverk. Vil samanslåing gje oss energi til å få til ny utvikling? Det vil kanskje i framtida verte attraktivt for andre kommunar rundt oss å slå seg ilag med oss, dersom vi får til det ein håpar på?

Sentralt spørsmål

− Bru-spørsmålet har vore sentralt i debatten om kommunesamanslåing. Det er truleg eit viktig poeng som ein får støtte for av sentrale politikarar at ein må få på plass bru så snart råd er dersom det blir vedtatt kommunesamanslåing. Dette er veldig viktig for å utvikle den nye kommunen, og å få ned reisetida mellom dei to administrasjonsstadane. Det vil og vere viktig for at innbyggjarane skal føle at ein er ei ny kommune og ikkje to kommunar med felles administrasjonsorganisasjon. At det blir eit ja til samanslåing vil styrke arbeidet med planlegging/gjennomføring av bruprosjektet. På den andre sida kan vi risikere å slå i hop Gloppen og Eid til ei kommune og ikkje få støtte til bruprosjektet. Då dette handlar om politisk vilje og om politisk prioritering. Dersom vi hamnar i denne situasjonen vil det bli ei tungdriven kommune der tenestetilbodet vil  kunne bli på dagens nivå eller kanskje dårlegare, skriv Myrstad i medlemsmøtereferatet.

Lyttar til folket

− Det viktigaste i denne prosessen er at alle nyttar røysteretten sin slik at det politiske miljøet kan bruke resultatet i si handsaming. Eid Senterpartiet har sagt, og står fast på at vi vil lytte til folket og deira røyst. Eid Sp vil understreke at kva den enkelte skal stemme må den einskilde sjølv ta stilling til. Der er både positive og negative sider med samanslåinga, og med å stå åleine. Til slutt handlar det om tru, håp og ja kanskje kjærleik? Eller kanskje tru, håp og økonomi er meir rett, seier Alf Reidar Myrstad som oppmodar folk til å nytte røysteretten sin.

−Dette er kanskje det viktigaste valet vi har gjort på lenge. Det å sitte heime er og eit val, men det gjer det vanskelegare for folket og politikarane i den vidare handsaminga, seier Alf Reidar Myrstad.