– Same dag som eg gjekk ut av dørene på Haukeland og var erklært frisk, vart Hugo fødd. Så for meg er Hugo svært symbolsk. Eg bedekte Herborg sommaren 2011, og fekk same haust beskjed om at eg hadde fått brystkreft. Så medan eg venta på nytt liv av hoppa mi, så kjempa eg sjølv for mitt eige liv. Det er noko av det verste eg har vore igjennom nokon gong, seier ho.

Silje kjem opphavleg frå Hammerfest, men flytta ned til Nordfjordeid i 2007 for å starte på folkehøgskulen. Sidan har ho blitt verande. Ho har sambuar og bur på Hjelle. Dagleg pendlar ho til Måløy, der ho er lærar på ungdomsskulen. Hestane hennar Hugo og Herborg er stalla opp i Hjelmelandsdalen, og snart blir dei tre.

Skikkeleg uflaks

Det er ingen i hennar familie som har hatt brystkreft tidlegare, og ingen kunne heilt forstå kvifor ho, ei ung jente på 24 skulle få kreft sånn plutseleg. Ho var i gang med lærar studiar og det å bli alvorleg sjuk var ikkje del i hennar framtidsplan.

– Vi har ingen nedarva gen for brystkreft, og eg var ikkje innanfor noko risikogruppe. Eg hadde vel berre generelt veldig uflaks.

Det at hesten hennar Herborg venta føl medan Silje gjekk til behandling, gjorde at ho var nøydd til å komme seg ut og i stallen for å sjå til hoppa dagleg.

– Å gå i stallen var eit spark i ræva til å komme seg ut av døra. Det var ein måte for meg å komme tilbake til livet på.

Frisk og stolt

I dag er Silje heilt frisk, men går jamleg til kontroll. Ho er stolt over at hesten hennar Hugo gjorde det så bra på hingsteutstillinga i år. No ventar han på at hoppene skal ta kontakt, han er i alle fall klare for oppgåva. Nett no er ei fjordhest hoppe frå Ørsta på besøk. Dei håpar på føl neste sommar med Hugo som far.

– I dag skal vi bedekke Letuns Natalie, som er ei hoppe på 3 år frå Ørsta. Det er Marit Skaar som eig henne. Hugo vert klar med det same han ser henne, så no skal vi gjere klart til bedekning. Vi gjer det annakvar dag, til hoppa ikkje viser teikn på brunst lengre, fortel Silje.

Linda Beate Svoren hentar Natalie frå beite, pussar og steller henne litt, så ho skal vere fin på bilde, og pynte seg litt for Hugo også. Etter å ha bunde henne fast til stolpen, hentar Silje Hugo som vrinskar høglydt med det same han ser hoppa.

– No må du skunde deg å ta bilde, ropar Silje.

Silje har full kontroll på hingsten, sjølv om han både stegler og dansar før han skal bedekke hoppa. Og så er det plutseleg gjort. Natalie vil gå i 11 månader med føl, og så får vi sjå om Hugo får fleire avkom etter seg.

– Det er jo veldig kjekt å ha avkom etter Hugo som eg kan følge med på, seier Silje og smiler.

I den same stallen har også Miriam Hoddevik sine to hestar.

– Eg har ein storebror til Hugo som heitar Arn, han er 8 år og vallak. Og så har eg vesle Herlig på 2 år, som fekk sløyfe og god omtale på unghest utstillinga på Breim tidlegare i vår. Neste år skal eg stille Herlig på hingsteutstillinga på Eid, og det ser vi fram til, seier Miriam. Ho held katten Vips, som ikkje viser teikn til å vere redd for den store hingsten Hugo.

Allsidige Hugo

Under årets hingsteutstilling gjorde Hugo det svært godt. Han fekk 2. premie og 2 i kvalitet. Og Hugo var best på køyring i den utvida bruksprøva. Dei øvrige resultata, 8-8,5-7-8,5-8. Hesten fekk 9 på lynne og 9 hos veterinær.

– Eg brukar han til konkurranser både i køyring og dressur. I sommar skal vi vere med på Fjordhest NM i Førde, og der skal vi delta i alle tre greinene dressur, køyring og sprang. Sjølv er eg ikkje så glad i sprang, men Hugo likar det godt. Han likar stort sett alt godt, han er svært allsidig og med på det meste. Han er mest trent i køyring, det er der eg har min styrke også, fortel ho.

Kommentarane Hugo fekk på hingsteutstillinga i år var:

– 2.pr Nordfjordeid 07.05.2016 (6): Mektig, oppsynt hingst av god type. Pent hode. Velansatt/velformet hals. Velliggende bog. God dybde. Velformet kryss. Tåvid b.f. Moderat sabelbeint. Velformede høver. Trang bakbeinsføring. Taktfast, meget godt skritt. Ledig trav. God galopp.

Miriam Hoddevik med Vips på fanget. Silje og Hugo helsar forsiktig på. Foto: Anita M. Ingebrigtsen
Silje har stilt opp Hugo slik ho gjer når det er hingsteutstilling. Foto: Anita M. Ingebrigtsen
Når Hugo får sjå hoppa han skal bedekke vert han svært vill og yr. Så lenge han oppfører seg fint, vil Silje behalde han som hingst. Foto: Anita M. Ingebrigtsen
Hugo i full sving med å bedekke fjordhoppa Letuns Natalie frå Ørsta. Linda Beate Svoren held hoppa, medan Silje Kvalvik held kontroll på hingsten. Foto: Anita M. Ingebrigtsen