Det var konklusjonen på BRU-konferansen arrangert av Nordfjordbrua Lote-Anda og Nordfjord Vekst på Gloppen Hotell måndag og tysdag denne veka. Konferansen vart avslutta med semje om å ta vidare eit innspel i fire punkt til rulleringa av Nasjonal Transportplan:

1. Vektlegging av ferjeavløysing som verkty.

2. Betyding av innovasjon i teknologi når det gjeld brubygging.

3. Økonomiske modellar må vise reell samfunnsnytte.

4. Ein må stå saman om at no må ein kome i gang med prosjekt, og kople det mot krisen på Vestlandet.

– Ideell timing no

Sjefsøkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen var ein av føredragshaldarane på konferansen. Han meiner timingen er ideell no med ein økonomi som går mot nullrente og minusrente i mange land.

– Kvifor plassere pengar på negativ rente når ein kan bruke dei til noko her heime? Kva inneber det om vi får negativ rente i all framtid? For det første blir det brukt mykje meir pengar på vegar og jernbane. Vi får samferdsleprosjekt som minimerer vedlikehaldet og maksimerer miljøomsyn, seier han.

– Må få i gang pilot

Olav Ellevset, tidlegare prosjektleiar for ferjefri E39 og regionvegsjef på Vestlandet, er no dagleg leiar i vegselskapet Samspleis AS på Nordmøre. Han meiner ein må kome i gang med pilotprosjekt kjapt.

– Vi må ta risiko på at det ikkje er perfekt, men må kome i gang og skaffe oss erfaring. Det er ein del sjølvpålagte krav som er kostnadsdrivande. Dette er politikk. Diskusjonen om kva krava skal vere kjem, og det vil få kostnadene ned. I dag er det så tungt å gå inn i det statlege systemet, ein kan gå seg heilt vill i analysemetodikk. For å få opp ein pilot, er fylkeskommunen enklaste staden å byrje. Prosjekta må finansierast over mykje meir enn 20 år. Vi kan gjennomføre det som private prosjekt. Og vi må prøve nye metodar og innfallsvinklar for å gjere det mykje billegare, seier Ellevset.

– Vi har teknologien

Leverandørar av tenester innan planlegging og bruteknologi som Reinertsen, LMG Marine, Multikonsult og Kleven Maritime var med på konferansen. Bodskapen er at ein må kome i gang med prosjekta, for leverandørane sit ikkje og ventar i fire år til.

Ivar Myklebost i LMG Marine var tydeleg: – Det er viktig at vi kjem vidare, ikkje berre går i sirklar. Systemet må endrast. Det er avgrensa kor lenge entreprenørar kan sitje og vente og bruke mykje pengar. Vi har teknologien, det er ingen heksekunst. Vi er klar for lengst, og vil gjerne få med norsk industri om dei er klare.

− Vestlandet kan bindast saman

− Konklusjonen er klar: Alt ligg no til rette for å setje fart på realisering av fleire samfunnsøkonomisk lønsame ferjeavløysingsprosjekt på Vestlandet - med rimelegare teknologi enn det vi planlegger for i dag. Er den politiske viljen til stades, kan dei neste 10 åra bli eit taktskifte i å binde Vestlandet saman til større bu- og ardeidsmarknadsregionar med bruer som avløyser ferjer, seier styreleiar i Nordfjordkryssing AS, Alfred Bjørlo.

Jan Olav Trygge stad var ein av føredargahaldarane under Brukonferansen på Sandane. Foto: Pressefoto
Vi har teknologien, det er ingen heksekunst. Vi er klar for lengst, og vil gjerne få med norsk industri om dei er klare, sa Ivar Myklebost i LMG Marine. Foto: Pressefoto
Er den politiske viljen til stades, kan dei neste 10 åra bli eit taktskifte i å binde Vestlandet saman til større bu- og ardeidsmarknadsregionar med bruer som avløyser ferjer, sa styreleiar i Nordfjordkryssing AS, Alfred Bjørlo. Foto: Pressefoto