Det seier Harald Kolseth om mannskapet frå Den Norske Turistforening (DNT), rett etter at «Fruens Vrede» fekk landkjenning på Nordfjordeid etter ein fjorten dagars lang «Kystfjellseglas».

Kystfjellseglasen starta på Nordfjordeid tidleg i mai. Med mange strandhogg undervegs gjekk turen langs kysten av Nordfjord og Sunnmøre.

− Når eg har valt å kalle turen for ein «Kystfjellseglas», så har det samanheng med at vi har brukt seglbåten «Fruens Vrede» som transportmiddel, og til overnatting. Men mesteparten av tida elles har vi nytta til toppturar, og å vandre i dei fantastiske naturområda som vi finn på Vestlands-kysten, seier Ann Helen Høgdal som var førstereis på denne type seglas.

Colin Archer

«Fruens Vrede», som Harald Kolseth har nytta til mange ulike turar, og med ulikt mannskap, er laga i glasfiber etter modell av Colin Archer-skøyter.

− Det er ein god sjøbåt. Men sjølv om den er tung og ligg godt i sjøen merkar ein godt bølgjer og dønningar rundt Stad i ein såpass relativt liten havseglar, seier Harald Kolseth som har mange lengre turar med «Fruens Vrede», enn den turen han og mannskapet hadde denne gongen.

− På denne turen hadde eg to mannskap. Eitt frå Nordfjordeid nordover, og mannskapsbyte i Ålesund. Eg må skryte litt av mannskapa eg har hatt med på denne turen. Dette er folk som er vande med å bu litt trongt når dei er på tur. Ting som må gjerast blir gjort utan at skipperen må mase, folk berre gjer det dei ser må gjerast, seier Harald Kolseth som legg til at han har eit godt samarbeid DNT.

− Eg har lagt opp til å ta ein slik tur som dette ein gong kvart år. Årets tur er den tredje i rekkja.

Toppturar

Kombinasjonen båt og toppturar var nytt for nokre av deltakarane på årets tur, men det gav tydelegvis meirsmak.

− Det har vore eit fantastisk opplegg. Ved å bruke båt kjem vi lett til stader der det elles ville vore langt meir strabasiøst å kome til. Etter at vi segla ut frå Nordfjordeid, på turen nordover, var første topptur Troda. Deretter følgde Hornelen, seier Kjell Hertaas som var med på både tur og retur.

− På returen fekk vi med oss toppturar til Troda og Hornelen. I tillegg har vi vore på mange toppar i begge fylka. Vi har besøkt Skongsnes fyr på Nord-Vågsøy, gått Stadlandet på langs og nokre flotte truar rundt om i fjellområda i Selje. Det som har gjort aller mest inntrykk er den fantastiske naturen de har på Vestlandet. I tillegg til turane i naturen har vi også fått med oss ein del kultur. Vi besøkte atelieret til Kjell Amdam og Doktorgarden i Selje, seier dei seks som var med på returen, og som alle er frå tjukkaste Oslo.

− Det som er spesielt når du kjem deg opp på dei høge toppane, er utsikta. Langt der nede ser du nokre grøne flekkar og små bygder. Det opplever du ikkje når du går turar på Austlandet, seier Trond Nystedt og Tove Grini som også rosar skipperen for vel tilrettelagt og bra organisert turopplegg.

Godt opplegg

− Det har vore eit veldig godt organisert opplegg. Her må skipperen ha gjort eit godt førearbeid. Vi har blitt henta med bil når det har vore nødvendig. I tillegg har vi vore på besøk ombord på fiskebåtar for å sjå korleis dei driv. Vi har fiska vår eigen mat, og vore på restaurantbesøk eit par gonger under turen. Elles er eg overraska over kor enkelt det har vore å kome i kontakt med folk. Når vi har kome til ein plass, så har det ikkje tatt lang tid før vi folk har kome å prata med oss. Det kan sjølvsagt ha noko å gjere med at dei kjenner han Harald, men uansett veldig triveleg, og litt annleis enn det vi er vande med, seier dei seks vande vandrarane.

Trongt om plassen

− Sjølv om «Fruens Vrede» er ein rimeleg stor seglbåt, så må det vere litt trongt for sju personar?

− Det er både forkabin og akterkabin i båten. Plassen er ikkje all verda. Det er ein stor fordel at vi er gode vener når ein skal ligge så trongt. Vi som mannskap har nytta oss av kabinane, medan skipperen har overnatta på ein benk i messa, seier Hanne Bjørnstad.

Beste årstida

Ein annan ting dei sjøfarande fjellvandrarane er samde om, er at våren truleg er den aller finaste tida for slike turar som den dei nett har lagt bak seg.

− Vi har hatt mykje flott vêr på turen. Sol og varme førte til at vi fekk oppleve ein vårleg eksplosjon. Berre i løpet av nokre få dagar var det grønt over alt langs kysten, seier Tove Grini som legg til at dei også fekk med seg eit bad i sjøen.

− Det var godt, men veldig kaldt i vatnet, seier ho og får samtykkande nikk frå dei andre turdeltakarane.

− Ein ting er uansett sikkert, dette håper eg at vi kan få vere med på ein annan gong, seier Kjell, Knut, Trond, Tove, Ann Helen og Hanne.

TUREN OVER: Den ei veke lange turen er over, og mannskapet kan ta seg ein kvil på dekk før turen går tilbake til Oslo. Frå venstre: Kjell Hertaas, Knut Sørgard, Tove Grini, Trond Nystedt, Hanne Bjørnstad, Ann Helen Høgdal og skipper Harald Kolseth. Foto: Tormod Flatebø
TRONGT OM PLASSEN: Det er ikkje store plassen å boltre seg på når alle er samla i messa på «Fruens Vrede». Frå venstre: Kjell Hjertaas, Knut Sørgaard, Trond Nystedt, Tove Grini, Ann Helen Høgdal og Hanne Bjørnstad og Harald Kolseth. Foto: Tormod Flatebø
Skipper Harald Kolseth manøvrere Fruens Vrede inn på sin faste plass i båthamna på Sørøyrane. Foto: Tormod Flatebø
DEKKSKOS: Mannskapet ombord på Fruens Vrede hatt mykje fint vêr på Kystfjellseglasen. Her kosar dei seg på dekk før segla nart skal takast ned. Foto: Tormod Flatebø