Den siste helga i november skal distriktsoperaen setje opp familiemusikalen «You’re a Good man, Charlie Brown» av Clark Gesner i Operahuset Nordfjord.

− Rollene vert ofte spelte av vaksne skodespelarar, men Opera Nordfjord satsar no friskt på dei heilt unge skodespelartalenta, gjennom open audition 7. og 8. juni. Dei opphavlege rollefigurane er svært unge, i tidleg barneskulealder, men det er aldersgruppa som frå hausten av går i  4.-7. klasse som kan stille til audition. Barn frå heile Nordfjord kan melde seg. Musikalen vert framført på nynorsk, etter ny omsetting frå amerikansk av Jostein Avdem Fretland, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

− Ved utveljing av karakterane Charlie Brown, Sally, Lucy, Linus, Schroeder og Snoopy vil ein legge vekt på gode evner i lesing, ei god songstemme, å vere komfortabel på scena og gjerne ha interesse for dansing.  Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, medan dansepedagog Candice Bredesen skal ha ansvar for koreografi og danseøvingar, seier Kari Standal Pavelich.

Musikalen vert framført på nynorsk, etter ny omsetting frå amerikansk av Jostein Avdem Fretland. Foto: Illustrasjon