Nordfjordeid Sanitetsforening sitt prosjekt «SESAM kvinnegruppe», får 10.000 kroner frå ExtraStiftelsen. Med desse pengane ønskjer saniteten å lage ein møteplass for flyktningkvinner som nyleg er komne til Eid kommune. I gruppa skal dei møtast for gjensidig læring om begge kulturar, bygge nettverk, drive med fysisk aktivitet og lage mat.

– Vi er veldig glad for å kunne støtte dette prosjektet. Det vert snakka mykje om viktigheita av kvardagsintegrering. I ExtraStiftelsen er vi så heldige at vi får sjå dette i praksis. Ofte er det ikkje så mykje som skal til, og sanitetskvinnene på Nordfjordeid går her føre som eit veldig godt eksempel, som vi håpar fleire kan lære av, seier Hans Christian Lillehagen.

Viktig for en enkelte

Målet med ExtraExpress-prosjekta er at dei skal stimulere til lokal aktivitet og meir frivilligheit.

– Det som er spennande med desse prosjekta er at organisasjonane får så mykje ut av kvar krone. For berre 10.000 kroner planlegg Nordfjordeid Sanitetsforening å syte for at alle flyktningkvinnene i kommune skal bli godt kjent med nærmiljøet, bebuarane og kvarandre. Det er lite pengar når ein vet kor viktig slik inkludering er for den enkelte, og for samfunnet rundt. Vi er stolte av å kunne bidra til dette, seier Lillehagen.