Tyske miljøvernarar vil telje insekt i heile landet

Tysklands største miljøverngruppe, NABU, ber om frivillig hjelp til å telje insekt i heile landet. 
utenriks

Bakteppet for NABUs appell er urovekkjande meldingar om stadig færre innsektsartar. Teljinga skal gå føre seg i perioden 1. til 10. juni, etterfølgt av ei ny teljing frå 3. til 12. august. Meininga er å gjenta teljinga fleire år på rad.

Organisasjonen håpar at ei slik storstilt kartlegging vil auke kunnskapen blant folk flest om mangfaldet i insektverda og kor nødvendige insekta i er i naturkretsløpet.

Teljinga vil spesielt ta for seg bestandane av 16 typar insekt, blant dei visse typar sommarfuglar, biller og fluger, og grashopper og augestikkarar.

(©NPK)