Tyrkias utanriksminister skuldar Macron for å snakke usant

Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavusoglu går rett i strupen på Frankrikes president Emmanuel Macron. 
utenriks

– Mange av dei europeiske vennene våre føretrekkjer dessverre populisme, sa Cavusoglu syrleg da han møtte pressa i Ankara saman med Natos generalsekretær Jens Stoltenberg måndag ettermiddag.

Utsegna var ikkje retta mot Nato-sjefen, men mot president Emmanuel Macron i Frankrike. Macron gjorde i helga eit intervju med fransk tv der han fortalde at han hadde planlagt å reise til Tyrkia for å møte Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, Russlands president Vladimir Putin og Irans president Hassan Rouhani, men at angrepet i den syriske byen Douma hadde sett ein stoppar for planane.

Ifølgje Cavusoglu stemmer det at Macron ønskte å delta på eit toppmøte med Iran, Russland og Tyrkia. Men dette toppmøtet fann stad 4. april, det vil seie fleire dagar før det antatte angrepet med kjemiske våpen i Douma.

Cavusoglu fortel vidare at Putin var open for å la Macron bli med, men at Rouhani sa nei. Den iranske presidenten ønskte i staden å halde eit nytt møte med Macron seinare.

Den tyrkiske utanriksministeren stemplar Macrons utspel om saka som uverdig for ein president.

– Eg må fortelje sanninga. Det burde ikkje vere nødvendig for oss å forklare alt dette, men når presidenten ikkje fortel sanninga, må vi gjere det.

(©NPK)