May og Macron får kritikk frå folkevalde for angrep mot Syria

Storbritannias statsminister Theresa May og Frankrikes president Emmanuel Macron får kritikk på heimebane for å ha gått saman med USA om å angripe Syria.
utenriks

Den britiske Labour-leiaren Jeremy Corbyn seier at angrepa juridisk sett er tvilsame. Han ber om lovgiving som i framtida vil hindre regjeringar i å delta i militære angrep utan på førehand å hente inn støtte frå dei folkevalde.

– Eg meiner at Parlamentet skulle ha vorte konsultert og fått høve til å stemme over saka. Statsministeren i Storbritannia er ansvarleg overfor Parlamentet, ikkje den amerikanske presidentens skjønn, skriv Corbin i eit brev til May.

Statsministeren skulle måndag gjere greie for avgjerda til regjeringa i Parlamentet.

I Frankrike blir president Emmanuel Macron utsett for liknande kritikk, både frå eigne rekker og frå opposisjonen. Macron seier likevel at det ligg innanfor den konstitusjonelle makta til presidenten å gjere slike vedtak.

På ein pressekonferanse i Paris måndag sa Macron at Frankrike hadde handla heilt i samsvar med folkeretten.

Fleire jussekspertar meiner likevel at rakettangrepet var i strid med folkeretten og viser mellom anna til at det mangla eit vedtak i FNs tryggingsråd som kunne gitt angrepet eit folkerettsleg grunnlag.

(©NPK)