Tidlegare statsminister i Nederland Ruud Lubbers er død

Den lengstsitjande statsministeren i Nederland, Ruud Lubbers, er død. Han blei 78 år gammal.
utenriks

Lubbers, viss fulle namn var Rudolphus Franciscus Marie Lubbers, var statsminister frå 1982 til 1994.

Han var i si tid ein av dei mest respekterte toppolitikarane i Europa og blei etter kvart høgkommissær for flyktningar i FN.

Det enda derimot med at han blei skulda for seksuell trakassering, noko som førte til at han måtte forlate FN i 2005.

Lubbers sjølv avviste skuldingane.

Han var gift med Ria Lubbers-Hoogeweegen, og saman fekk dei to søner og ei dotter.

(©NPK)