Fransk jente funnen død etter at ho forsvann frå bryllaup i august

Ei fransk jente som forsvann sporlaust under eit bryllaup i Alpane i august, er funnen død. Ein 34-åring har erkjent drapet, men seier det var eit uhell.  
utenriks

Maëlys de Araujo var ni år da ho forsvann under ei bryllaupsfeiring i Pont-de-Beauvoisin nord for Grenoble i slutten av august.

34 år gamle Nordahl Lelandais, ein tidlegare soldat, blei arrestert og sikta for bortføring kort tid etter at jenta forsvann. Bakgrunnen for siktinga var at det blei funne blodspor etter jenta i bilen hans. 34-åringen var også gjest i bryllaupet.

No har han begynt å samarbeide med politiet, og ifølgje fransk påtalemakt erkjente han onsdag å ha drepe jenta ved eit uhell. Han har også forklart at han skjulte den døde jenta før han drog tilbake til bryllaupet, og at han deretter dumpa henne i ei kløft.

Aktor Jean-Yves Coquillat i Grenoble opplyste onsdag at leivningane til jenta no er funne i kløfta.

Etter at niåringen forsvann, saumfara politi, hundepatruljar, redningsmannskap og dykkarar skogområde og sjøar i nærleiken av den vesle byen Pont-de-Beauvoisin, men utan å finne noko.

(©NPK)