Argentina lovar milliondusør for opplysningar om sakna ubåt

Argentina lovar ein dusør på 5 millionar dollar for opplysningar som kan lede til at ubåten som har vore sakna sidan november, blir funnen.
utenriks

– Vi ønskjer å skape insentiv for private selskap til å delta i søket etter den sakna ubåten, sa president i Argentina Mauricio Macri onsdag.

Ubåten ARA San Juan forsvann 15. november i fjor med eit mannskap på 44 om bord. Leitemannskap har for lengst gitt opp håpet om å finne overlevande, og konsentrerer seg i staden om å finne igjen fartøyet. Ekspertar trur at den imploderte og blei trykt saman på rundt 400 meters djupne utanfor kysten av Argentina.

Dei pårørande i saka har bede argentinske styresmakter gjere ein større innsats i søket, og blei informert om planane om ein dusør allereie 7. februar.

Argentina har fått hjelp frå til saman 13 land i søket etter ubåten, deriblant Noreg. Sjefen for den argentinske marinen, Marcelo Srur, har fått sparken i kjølvatnet av tragedien.

Ein uvanleg lyd som blei registrert i området der ein reknar med at ubåten forsvann, tre timar etter at den sist gav lyd frå seg, blei først antatt å ha vore ein eksplosjon. Office of Naval Intelligence trur det i staden kan ha vore lyden av ubåten som imploderte.

(©NPK)