Is på instrument kan ha forårsaka flyulukke i Russland

Leivningar etter dei 71 døde og hundrevis av flydelar er funne der eit russisk fly styrta nær Moskva i helga. Nedisa instrument kan ha bidratt til ulykka.
utenriks

– Fram til tysdag morgon var det funne over 1.400 fragment av leivningar frå dei omkomne og rundt 500 fragment frå flyet, heiter det i ei utsegn frå det russiske departementet for krisehandtering.

Vrakdelar frå flyet blei spreidd ut over eit 300.000 kvadratmeter stort område då flyet styrta i bakken søndag. Sidan har etterforskarar og leitemannskap arbeidd på staden.

– Rundt 1.000 personar deltar i arbeidet, som går føre seg kontinuerleg, fordelt over tre skift, heiter det i utsegna.

Vidare opplyser departementet at dei etterlatne vil få utbetalt rundt 400.000 kroner kvar i erstatning. Pengane skal komme frå forsikringa til flyselskapet og frå styresmaktene i Moskva.

Etterforskarar har slått fast at flyet eksploderte då det trefte bakken, berre minutt etter avgang frå Domodedovo-flyplassen i Moskva.

Tysdag opplyste granskarane som undersøkjer ulykka, at is på nokre av instrumenta på flyet kan ha bidratt til styrten.

Is danna seg på to fartsmålarar sidan pilotane ikkje hadde skrudd på eit system for å halde dei varme. Flygarane skrudde av autopiloten og overtok styringa sjølv då dei fekk motstridande fartsmålingar.

Flyet, som var åtte år gammalt og av typen An-148, høyrde til flyselskapet Saratov Airlines. Det var på veg frå Moskva til Orsk nær grensa til Kasakhstan. Ukrainske og russiske produsentar som har utvikla flyet, deltar i granskinga.



(©NPK)