200.000 drivne på flukt under kampar i Kongo

Om lag 200.000 menneske er drivne på flukt i Kongo som følgje av kampar mellom militsar frå ulike folkegrupper i Ituri-provinsen aust i landet, ifølgje kjelde.
utenriks

Kvar einaste dag kjem til det om lag 800 personar til Bunia, som er den viktigaste byen i området, opplyser ei anna kjelde.

Begge kjeldene er bundne til humanitære organisasjonar.

Kampane går føre seg mellom folkegruppene lendu og hema. For ein dryg veke sidan melde den katolske kyrkja i Kongo at hundrevis av bustader var svidd av i samband med konflikten.

På byrjinga av 2000-talet mista tusenvis av menneske livet under samanstøyt mellom ulike folkegrupper i Ituri.

Eit stort tal på opprørsgrupper er aktive i den austlege delen av Kongo, der dei prøver å sikre seg tilgang til verdifulle mineral.

(©NPK)