– Tyrkiske styrkar opna eld nær sjukehus i Afrin

Tyrkiske styrkar har skote på eit område nær det viktigaste sjukehuset i Afrin i Nord-Syria. Minst éin person er drepen og fem såra, opplyser sjukehuset.
utenriks

– Den tyrkiske skytinga trefte plassen ved sjukehuset og ikkje hovudbygningen. Ein sjåfør blei drepen og fem såra, seier direktør på sjukehuset Joan Chitika til nyheitsbyrået DPA.

Chitika legg til at sjukehuset også har fått to andre drepne og seks såra som skal ha blitt råka av eit tyrkisk angrep i eit bustadområde i Afrin.

Ifølgje den britiskbaserte eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) har rundt 75 sivile, blant dei 21 barn, blitt drepne etter at tyrkiske styrkar og dei allierte syriske opprørarane innleidde offensiven mot den kurdiskkontrollerte Afrin-regionen 20. januar.

I same periode er 163 kurdiske krigarar og over 200 tyrkiskstøtta opprørarar og tyrkiske soldatar blitt drepne i offensiven, ifølgje tal frå SOHR.

Tyrkia har opplyst at landet har mista 31 soldatar i Afrin-offensiven.

Afrin-regionen er kontrollert av den kurdiske YPG-militsen. Tyrkiske styresmakter meiner YPG er ein syrisk avleggjar av den forbodne PKK-geriljaen i Tyrkia.


(©NPK)