Stor katalansk demonstrasjon i Brussel

Titusen av katalanarar har kome til EUs hovudstad for å demonstrere for sjølvstende. 
utenriks

Demonstrantane samla seg i parken Cinquantenaire like ved EUs hovudkvarter.

– Vi er her for å kjempe for rettane våre, seier Eloí Naval, ein av demonstrantane, til NTB.

Han meiner det er urettferdig korleis Spania har avsett regionpresident Carles Puigdemont og regjeringa hans.

– Vi er demokratiske, og vi har valt eit demokratisk parlament. Så vi forstår ikkje kvifor Europa berre ser ein annan veg, seier Naval.

– Vi er her for å protestere mot den spanske regjeringa, som er fascistisk. Den respekterer ikkje rettane våre. Men også mot Europa. Vi vil ikkje la dei gå forbi dette i stilla, seier han.

Ein annan demonstrant fortel at ho sat16 timar i buss for å komme seg frå Catalonia til Brussel.

Belgisk politi melde torsdag ettermiddag om 45.000 frammøtte, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Demonstrasjonen førte også til store forstyrringar i trafikken i området.

Det var tusenvis til stades då NTBs reporter oppsøkte demonstrasjonen, som også førte til store forstyrringar i trafikken i området.

Mange var bussa inn frå Catalonia, mens andre køyrde sjølv eller flaug.

På plass var også andre europearar som ønskte å vise solidaritet med katalanarane.

(©NPK)