Napolitansk pizza får UNESCO-status

Måten å lage pizza på i Napoli har blitt lagt til i UNESCOs liste over immateriell kulturarv.

– Kunsten den napolitanske pizzabakaren gjer er ein del av UNESCOs verdsarv. Siger! erklærer den italienske landbruksministeren Maurizio Martina på Twitter.

«Pizzaiuolo», som pizzatradisjonen i Napoli blir kalla, er ein av 38 kulturelle fenomen som har fått UNESCO-status. Avgjerda blei tatt under eit møte i FNs kulturbyrå i Jeju i Sør-Korea, og blei ønskt hjarteleg velkommen av True Neapolitan Pizza Association.

– Jobben er gjort! Gratulerer til alle napolitanske pizzabakarar rundt om i verda, skrev pizzaforeningen på Facebook.

True Neapolitan Pizza Association har sett svært spesifikke retningslinjer for korleis ein autentisk napolitansk pizza skal bli laga. Retningslinjene inkluderer ingrediensar og matlagingsteknikkar.

UNESCOs liste over immateriell kulturarv blei oppretta i 2003. Det står allereie meir enn 350 tradisjonar og kunstformer oppført på lista.

Tysk orgelmusikk, Sveits' Basel-karneval, kirgisisk riding og indonesisk båtbygging blei også lagt til i lista etter møtet torsdag.

(©NPK)

Siste nyhende

Nye israelske bombeangrep mot Gazastripa

Israelske kampfly gjennomførte nye bombeangrep mot Gazastripa måndag kveld. Angrepa skal ha vore svar på rakettar skotne mot Israel.

Lauslaten fange i Egypt fortel at mange cellekameratar vart radikaliserte

Ein irsk-egyptar som nyleg vart lauslaten etter fire år i egyptisk fengsel, opplyser at mange blir radikalisert under dei svært brutale fengselsforholda.

Amnesty: EU bidrar til misbruk av migrantar i Libya

Europeiske styresmakter har utsett hundretusenvis av menneske for tortur og misbruk i Libya, vel vitande om sine handlingar, ifølgje Amnesty International.

Nye funn i søket etter sakna argentinsk ubåt

Den argentinske marinen har ved hjelp av sonar gjort to funn i søket etter den sakna ubåten. Det er uvisst om det er delar av ubåten som er funne.