Augevitne rapporterer om militærkolonne ved Harare

Ei kolonne med stridsvogner og andre militærkøyretøy er observert utanfor Zimbabwes hovudstad Harare, ifølgje augevitne.
utenriks

– Eg såg ei lang kolonne med militærkøyretøy, inkludert stridsvogner. Eg veit ikkje kvar dei er på veg, sa ein fruktseljar nær kjøpesenteret Westgate, rundt ti kilometer frå sentrum av Harare, tysdag.

Meldinga kjem dagen etter at forsvarssjefen åtvara om at hæren ville gripe inn mot president Robert Mugabe om han heldt fram med å kaste tidlegare frigjeringsforkjemparar ut av regjeringspartiet.

– Vi må minne dei som står bak dei pågåande svikefulle narrestrekane, om at militæret ikkje kjem til å nøle med å gripe inn i saker som angår vernet av revolusjonen vår, sa Constantino Chiwenga på ein pressekonferanse i hovudkvarteret til hæren i Harare måndag.

(©NPK)