USA og Israel trekkjer seg frå Unesco

USA og Israel trekkjer seg frå Unesco og grunngjev utmeldinga med at organisasjonen er antiisraelsk og treng omfattande reformer.

Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, og har mellom anna ansvar for verdsarvlista.

Utanriksdepartementet i Washington varsla torsdag at USA trekkjer seg frå organisasjonen. Nokre timar seinare opplyste Israels statsminister Benjamin Netanyahu at dei gjer det same.

– I dag er ein ny dag i FN, der det er ein pris å betala for diskriminering av Israel, seier den israelske FN-ambassadøren Danny Danon.

I den amerikanske grunngjevinga for utmeldinga blir Unesco skulda for å vera partisk og antiisraelsk. I staden for å vera medlem, ønskjer USA no status som permanent observatør.

Reagerer sterkt

Avgjerda til USA kjem truleg av at president Donald Trump vil visa at han støttar Israel, meiner François Heisbourg ved den britiske tankesmia International Institute for Strategic Studies.

Han knyter også utmeldinga til Trumps «USA først»-politikk.

– Unesco er ein nokså liten organisasjon, han dreier seg ikkje om viktige interesser. Og Unesco har gått mykje lengre enn andre FN-organisasjonar i å godkjenna dei palestinske styresmaktene, seier han.

UNESCOs leiar Irina Bokova reagerer sterkt på utmeldinga til USA og seier den er eit tap for FN-familien og for det fleirnasjonale samarbeidet.

– Eg ønskjer å uttrykkja eit djup vemod over at USA har vedteke å trekkja seg frå Unesco, seier ho

Ho meiner at USA og Unesco treng kvarandre meir enn nokon gong som følgje av aukande ekstremisme og terror, noko som skapar behov for langsiktige løysingar for å skapa fred og tryggleik.

– Tragisk

Boko forsvarer også UNESCOs rykte og viser til at organisasjonen kjempar for å spreia kunnskap om jødeutryddinga under den andre verdskrigen og at Unesco utdannar lærarar til å kjempa mot antisemittisme.

Generalsekretær Mats Djurberg ved svenske Unesco karakteriserer utmeldinga til USA som tragisk.

– Vi treng eit sterkt USA i det multilaterale systemet. Vi ser at UNESCOs mandat er viktigare enn nokon gong. Vi treng eit USA som står opp for pressa, ytringsfridomen, vitskap, utdanning og mot ekstremisme, mange av dei spørsmåla som er aktuelle i dag, seier Djurberg til nyheitsbyrået TT.

Palestina blei medlem

USA har meldt seg ut av Unesco ein gong før, i 1984. Men i 2002 vedtok dåverande president George W. Bush å melda landet inn igjen.

I 2011 slutta USA å gje pengar til Unesco etter at organisasjonen lèt Palestina bli medlem. I dag skuldar USA 550 millionar dollar i kontingent.

Det amerikanske utanriksdepartementet har likevel halde fram med å ha eit kontor ved UNESCOs hovudkvarter i Paris, samtidig som USA har prøvd å påverka politikken til organisasjonen frå innsida.

Regjeringa til Trump har arbeidd med å førebu utmeldinga i fleire månader, og det var venta at USA ville trekkja seg før årsskiftet. Torsdag blei det opplyst at utmeldinga trer i kraft 31. desember.

Unesco er aller mest kjend for å ha ansvar for verdsarvlista, men blant dei viktigaste ansvarsområda er også retten jenter har til utdanning i fattige land og pressefridom.



(©NPK)

Siste nyhende

Peter Madsen blir varetektsfengsla i fire nye veker

Den danske ubåtkapteinen Peter Madsen går frivillig med på varetektsfengsling i ytterlegare fire veker.

Nepals kommunistparti på veg mot valsiger

Ein kommunistisk allianse i Nepal har kurs mot eit komfortabelt fleirtal i nasjonalforsamlinga, i det første ordinære valet på 18 år.

Rahul Gandhi blir ny leiar for Kongresspartiet i India

Rahul Gandhi overtar etter mora Sonia som leiar for Kongresspartiet i India.

57 for retten etter nattklubbangrep i Istanbul

Saka mot 57 personar, blant dei ein usbekar utpeikt som hovudmann, er i gang etter nyttårsangrepet mot ein nattklubb i Istanbul der 39 personar vart drepne.

Putin gir ordre om delvis tilbaketrekking av russiske styrkar frå Syria

Russlands president Vladimir Putin har gitt ordre om ei delvis tilbaketrekking av russiske styrkar frå Syria.