Rohingyaer drukna på veg over elva til Bangladesh 

Ein av eit tital båtar som frakta rohingyaer over elva Naf i retning grensa mot Bangladesh, kantra torsdag morgon. Minst to personar drukna i ulykka.

Tre veker etter at masseflukten frå Myanmar til Bangladesh starta, fortset tusenvis av rohingyaer dagleg å strøyme over Naf med mål om å søke hjelp og sikkerheit i overfylte leirar i Bangladesh.

Med ulykka torsdag har totalt 88 personar drukna på veg over elva. Ifølgje FN har no om lag 380.000 rohingyaer flykta frå Myanmar, noko som utgjer om lag ein tredel av heile den muslimske rohingya-befolkninga i landet.

Ifølgje styresmaktene er 176 av 471, eller 37,4 prosent av alle Rohingya-landsbyar, fullstendig tømde for folk. Ytterlegare 34 landsbyar er delvis forlatne.

På den andre sida av grensa er to flyktningleirer i Bangladesh no overfylte. Styresmaktene har sagt at dei skal frigjere landsområde til ein tredje, men leirane har ifølgje hjelpearbeidarane akutt mangel på nødvendige ressursar for å vareta flyktningane.

Dei som kom til fiskarlandsbyen Shah Puri Dwip i Bangladesh onsdag, fortel at det framleis går føre seg valdshandlingar i delstaten Rakhine.

– Då militæret og politiet omringa landsbyen vår og angreip oss med rakettkastarar for å lage flammar, kom vi oss unna og sprang i den einaste retninga vi kunne, seier Abdul Goffar, ein av dei som kom onsdag.

Masseflukten begynte då Myanmars hær sette i verk ein større militæraksjon i Rakhine 25. august. Offensiven starta etter at opprørarar frå rohingya-minoriteten gjekk til angrep på politistillingar.

FN-sjef António Guterres sa onsdag at det som går føre seg i Rakhine er etnisk reinsing.

(©NPK)

Siste nyhende

FN: Færre flyktningar har komme frå Libya etter EU-avtale

Talet på flyktningar som har nådd Italia via Libya, har falle kraftig sidan EU inngjekk ein omstridd avtale med libyske styresmakter, opplyser FN.

Syrisk opposisjon gjentar krav om Assads avgang

Ei gruppe syriske opprørs- og opposisjonsgrupper krev enda ein gong at president Bashar al-Assad må gå av.

Argentinsk marine: Ubåt kan ha vore ramma av eksplosjon

Ein eksplosjonsliknande lyd vart registrert rett etter at den argentinske ubåten med 44 menneske om bord forsvann for ei veke sidan, opplyser marinen i landet.

Rwanda vil ta imot 30.000 migrantar utsette for slavehandel i Libya

Rwanda kunngjer at dei vil tilby seg å ta imot rundt 30.000 flyktningar som har vorte utsette for slavehandel av væpna grupper i Libya.

Sveits lover pengehjelp til EU-land 

Sveits vil gi 10,7 milliardar kroner i økonomisk hjelp til fattige medlemsland i EU.