IS-kolonne frå Libanon framme i IS-kontrollert område aust i Syria

Ein kolonne med IS-krigarar med familiar som forlét Libanon i august, har fått lov til å køyre inn i eit IS-kontrollert område ved Deir al-Zor aust i Syria.

Det melder eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR). Eksilgruppa opplyser at kolonnen kom til provinsen Deir al-Zor onsdag.

Kolonnen med fleire hundre menneske forlét grenseområda mellom Syria og Libanon i slutten av august som ledd i ein våpenkvileavtale med den libanesiske Hizbollah-militsen, som kjempar for Assad-regimet i krigen.

IS-krigarane fekk lov til å evakuere dei tidlegare IS-kontrollerte grenseområda mot at dei sette fri fanga Hizbollah-krigarar og røpa staden der fleire drepne libanesiske soldatar låg gravlagde.

Men den USA-leidde koalisjonen har vore svært kritisk til avtalen. Dermed vart kolonnen ståande fast i ørkenen i Syria som følgje av amerikanske flyangrep som hindra den i å køyre vidare. IS-krigarar som har bevegd seg for langt frå kolonnen, er blitt angripne av amerikanske dronar.

I førre veke opplyste den USA-leidde koalisjonen at dei ville avslutte droneovervakinga av kolonnen og la bussane køyre vidare på oppmoding frå Russland.

Ifølgje SOHR har kolonnen bestått av elleve køyretøy som har frakta 200 IS-krigarar og like mange sivile. Målet for kolonnen har vore den IS-kontrollerte byen Albukamal på grensa til Irak. Byen ligg i provinsen Deir al-Zor.

(©NPK)

Siste nyhende

Kurdarane i Irak vil halde folkeavstemming trass motstand

Leiarane i Kurdistan nektar å avblåse folkeavstemminga om lausriving måndag, trass i truslar og åtvaringar frå mange kantar.

Corbyn: – Brexit-planane til regjeringa er framleis uklare

Regjeringa til statsminister Theresa May har framleis ikkje klargjort kva slags forhold Storbritannia skal ha til EU etter brexit, meiner Jeremy Corbyn.

Theresa May avviser EØS-løysing

EØS er ikkje godt nok for det britiske folk, meiner statsminister i Storbritannia Theresa May.

Båt med flyktningar forliste i Svartehavet – 15 døde

15 personar mista livet då ein båt med flyktningar forliste i Svartehavet utanfor Tyrkia tidleg fredag, melder kystvakta.

18-åring sikta for T-baneangrepet i London

Ein 18 år gammal mann er sikta for drapsforsøk i samanheng med sprengladninga som gjekk av i T-banesystemet i London førre fredag.