Hellas sel statleg jernbaneselskap til Italia

Hellas har selt den nasjonale togoperatøren i landet, TrainOSE, til dei italienske statsbanane for rundt 425 millionar kroner (45 millionar euro).
utenriks

Salet er ledd i privatiseringsreformene som dei internasjonale kreditorane, EU og Det internasjonale pengefondet (IMF), har pålagt Hellas.

Salet av TrainOSE til Ferrovia dello Stato Italiane markerer slutten på ein fire år lang prosess, opplyste det greske selskapet som har ansvaret for privatiseringa, torsdag.

Fagrørsla i Hellas har reagert sterkt på privatiseringane, og torsdag stod alle toga stille på grunn av ein 24 timar lang streik blant dei tilsette i TrainOSE.

TrainOSE driftar både passasjertog og godstog på alle dei greske jernbanestrekningane, mens jernbaneselskapet OSE eig infrastrukturen.

(©NPK)