Den eldste pandaen i verda er død

Den eldste kjempepandaen i fangenskap er død, 37 år gammal. Det opplyser dyrehagen i Kina der pandaen Basi levde store delar av livet sitt. 

Basi var ein elska figur i Kina, og statleg kinesisk TV sende torsdag direkte frå dyrehagen i Fuzhou sør i Kina. Der vart det halde ein minneseremoni for pandaen.

Basi var maskot for dei første Asialeikane, som vart haldne i Kina i 1990. Kjempepandaen hadde levd i dyrehagen sidan ho var fem år gammal, med unntak av seks månader då ho var lånt ut til dyrehagen i San Diego i USA i 1987.

Med sine 37 år, noko som målt i menneskeår svarar til over 100 år, levde Basi nesten dobbelt så lenge som ville kjempepandaer. Ein vill panda lever i gjennomsnitt 20 år, mens pandaer i fangenskap vanlegvis blir eldre.

(©NPK)

Siste nyhende

Kurdarane i Irak vil halde folkeavstemming trass motstand

Leiarane i Kurdistan nektar å avblåse folkeavstemminga om lausriving måndag, trass i truslar og åtvaringar frå mange kantar.

Corbyn: – Brexit-planane til regjeringa er framleis uklare

Regjeringa til statsminister Theresa May har framleis ikkje klargjort kva slags forhold Storbritannia skal ha til EU etter brexit, meiner Jeremy Corbyn.

Theresa May avviser EØS-løysing

EØS er ikkje godt nok for det britiske folk, meiner statsminister i Storbritannia Theresa May.

Båt med flyktningar forliste i Svartehavet – 15 døde

15 personar mista livet då ein båt med flyktningar forliste i Svartehavet utanfor Tyrkia tidleg fredag, melder kystvakta.

18-åring sikta for T-baneangrepet i London

Ein 18 år gammal mann er sikta for drapsforsøk i samanheng med sprengladninga som gjekk av i T-banesystemet i London førre fredag.