Kjøt-direktør arrestert i Brasil

Brasiliansk politi har arrestert toppsjefen i den største kjøtprodusenten i verda JBS, som frå før har innrømt å ha gjeve stikkpengar til 1.900 politikarar.

Administrerande direktør for kjøtindustrigiganten JBS, Wesley Batista, blei arrestert onsdag. Han blir no skulda for å ha manipulert finansmerknadene under korrupsjonsetterforskinga som mellom anna omfattar president Michel Temer.

Politiet meiner Batista har skodd seg under uroa som oppstod i marknadene som følgje av rolla til direktøren i korrupsjonsskandalen.

Wesley Batista og bror hans Joesley Batista, som blei arrestert sist søndag, har tidlegare inngått ein avtale med påtalemakta i saka. Då vedgjekk dei at JBS hadde betalt titals millionar kroner i stikkpengar til så mange som 1.900 politikarar.

Då tilståingsavtalen blei kjend, stupte aksjane til JBS.

No blir Wesley Batista skulda for å ha skodd seg på handel med JBS-aksjar mellom 24. april og 17. mai, før avtalen blei offentleggjort.

Advokatane til brørne seier i ein uttale at påstandane om innsidehandel er urettferdig og absurd, ifølgje nyheitsbyrået Agencia Brasil.

Smørjinga til JBS-brørne føyer seg inn i rekkja av liknande korrupte nettverk som har blitt avdekt hos andre brasilianske storselskap dei siste åra. Det nye er at det no også blir sett fram skuldingar mot presidenten i Brasil.

Batista-brørne har gjeve påtalemakta det som blir omtalt som sterke bevis mot Temer i form av lydopptak. Presidenten blir mellom anna skulda for å ha fått om lag 1,2 millionar kroner frå JBS. Presidenten har avvist alle skuldingane.

(©NPK)

Siste nyhende

Kurdarane i Irak vil halde folkeavstemming trass motstand

Leiarane i Kurdistan nektar å avblåse folkeavstemminga om lausriving måndag, trass i truslar og åtvaringar frå mange kantar.

Corbyn: – Brexit-planane til regjeringa er framleis uklare

Regjeringa til statsminister Theresa May har framleis ikkje klargjort kva slags forhold Storbritannia skal ha til EU etter brexit, meiner Jeremy Corbyn.

Theresa May avviser EØS-løysing

EØS er ikkje godt nok for det britiske folk, meiner statsminister i Storbritannia Theresa May.

Båt med flyktningar forliste i Svartehavet – 15 døde

15 personar mista livet då ein båt med flyktningar forliste i Svartehavet utanfor Tyrkia tidleg fredag, melder kystvakta.

18-åring sikta for T-baneangrepet i London

Ein 18 år gammal mann er sikta for drapsforsøk i samanheng med sprengladninga som gjekk av i T-banesystemet i London førre fredag.