FN-sjefen ber Myanmar stoppa angrep på rohingyaer

FNs generalsekretær António Guterres ber Myanmar stoppa militære angrep på rohingyaene og vedgår at den muslimske minoriteten blir utsett for etnisk reinsing. 

– Eg ber styresmaktene i Myanmar stoppa militære aktivitetar og valdshandlingar, sa Guterres på ein pressekonferanse i New York onsdag.

Han skildrar rapportar om tryggingsstyrkar som går til angrep på sivile i delstaten Rakhine, som fullstendig uakseptable. På spørsmål om han er einig i at rohingya-folket blir utsett for etnisk reinsing, svarar generalsekretæren:

– Når ein tredel av rohingya-befolkninga har vore nøydde til å flykta frå landet, kan du finna eit betre uttrykk for å skildra det?

Nesten 380.000 rohingyaer har dei tre siste vekene flykta over grensa til Bangladesh, ifølgje FN. Masseflukta skjer under ein militæroperasjon som blei sett i verk etter at ei militant rohingya-gruppe angreip fleire politipostar 25. august.

Tryggingsrådet held onsdag kveld eit ekstraordinært møte om situasjonen.

(©NPK)

Siste nyhende

FN-soldatar drepne i angrep i Mali

Minst tre soldatar frå FNs fredsbevarande styrke er drepne i eit angrep nordaust i Mali.

Marokkos fredagsbønn vigd til bønn om regn

Marokko har ikkje hatt regn sidan i sommar, noko som rammar landbruket. Kong Mohammed har derfor gitt ordre om å bruke fredagsbønna til å be om regn.

Mnangagwa tatt i eid som president i Zimbabwe

Emmerson Mnangagwa er tatt i eid som Zimbabwes nye president. 

FN svært bekymra over flytting av flyktningar frå australsk leir

Politiet på Papua Ny-Guinea brukte metallstenger mot flyktningar under tømming av ein australsk interneringsleir, opplyser FN, som uttrykkjer djup bekymring.

Drapsdommen mot Oscar Pistorius meir enn dobla

Ein ankedomstol i Sør-Afrika har skjerpa dommen mot Oscar Pistorius til fengsel i 13 år og 5 månader for drapet på kjærasten Reeva Steenkamp i 2013.