700 ordførarar i Catalonia kan bli arresterte

Spanias riksadvokat Jose Manuel Maza har starta etterforsking av 700 ordførarar som støttar folkeavstemminga i Catalonia. Dei kan bli arresterte, åtvarar han.
utenriks

Dei regionale styresmaktene har bedt dei 947 ordførarane i Catalonia om å stilla lokale til rådvelde for den planlagde folkeavstemminga om lausriving frå Spania. Med etterforskinga og åtvaringa si prøver Maza å hindra dette.

Han varsla onsdag at 712 ordførarar no skal etterforskast fordi dei allereie har tilbydd å stilla opp med lokale til den planlagde avstemminga 1. oktober.

Det regionale politiet i Catalonia har no fått ordre om å arrestera dei dersom dei ikkje følgjer oppmodinga om innkalling til avhøyr, uttalte Maza onsdag.

Den regionale koalisjonsregjeringa i Catalonia har varsla at ho skal gjennomføra planen om å halda folkeavstemming om lausriving frå Spania, trass i at grunnlovsdomstolen har erklært avstemminga for grunnlovsstridig.

Statsminister Mariano Rajoy har fleire gonger sagt at ei slik folkeavstemming vil vera ulovleg, og at han ikkje under nokon omstende vil tillata at den rikaste og økonomisk viktigaste regionen i Spania erklærer seg som uavhengig.

Tysdag sa justisminister Rafael Catala at han fryktar gatekampar 1. oktober.

(©NPK)