Merkel aukar bistanden til flyktningar og migrantar

Statsminister i Tyskland Angela Merkel lovar å gi 468 millionar kroner i middel til flyktningorganisasjonane UNHCR og IOM innan utgangen av 2017. 

Den tyske statsministeren seier ho vil auke bistanden til flyktninghjelp og jobbe for politisk stabilitet i Libya.

– Det er framleis mykje arbeid som ligg framfor oss, sa Merkel på ein pressekonferanse ho heldt saman med leiarane for både høgkommissæren for flyktningar i FN (UNHCR) og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Tyskland opna grensene under flyktningkrisa i 2015, og rundt 890.000 migrantar og flyktningar kom til landet dette året. Etter at EU inngjekk ein avtale med Tyrkia om å la flyktningar og migrantar bli i landet, har talet som har komme til Tyskland, blitt stadig mindre. No håpar Merkel ein liknande avtale kan gjerast med Libya.

Ho understreka også at politisk stabilitet i Libya er naudsynt for å kunne stanse straumen av migrantar til Europa.

(©NPK)

Siste nyhende

Minst 65 drepne i moskéangrep i Afghanistan

Minst 65 menneske er drepne og over 50 er såra er i sjølvmordsangrep mot to moskear i Afghanistan.

Alvorleg for to medlemmer av forgifta dansk familie

Tilstanden er alvorleg for to medlemmer av den danske familien som ligg på sjukehus med det som truleg er soppforgifting. To barn i familien døydde torsdag.

TV4 tar programleiar av lufta etter skuldingar om seksuell trakassering

Den svenske TV4-profilen Martin Timell blir tatt av lufta etter skuldingar om at han i årevis har trakassert kvinnelege medarbeidarar seksuelt.

EU-rassia mot BMW

EU-kommisjonen gjennomførte denne veka ein rassia mot hovudkontoret til den tyske bilprodusenten BMW i München. 

Kurz har fått regjeringsoppdrag i Austerrike

Presidenten har formelt gitt Sebastian Kurz (31) i oppdrag å danne regjering i Austerrike. Han blir den yngste leiaren i verda.