Meiningsmåling: Gjer Obamacare meir effektiv

Kun 3 av 10 amerikanarar meiner at presidenten burde jobbe vidare for å erstatte den eksisterande helsereforma, ifølgje ei ny meiningsmåling. 

Resultata av meiningsmålinga, gjort av uavhengige Kaiser Family Foundation, blei lagt fram fredag.

1.211 amerikanske vaksne har svart på spørjeundersøkinga, som blei gjennomført i etterkant av at eit fleirtal i Senatet i slutten av juli sa nei til å skrote det førebels siste utkastet til ein ny helseplan.

Ønsket til president Donald Trump om å erstatte helsereforma til forgjengar Barack Obama, også kjent som Obamacare, er noko han burde legge på is, ifølgje resultatet av meiningsmålinga. Nesten 4 av 5 av dei spurde svarer at dei vil at administrasjonen til presidenten burde gjennomføre tiltak for å sikre at Obamacare fungerer skikkeleg, heller enn å undergrave reforma.

Trump har blant anna trua med å stanse lovpålagde utbetalingar til forsikringsselskap, med mindre lovgivarane opphevar og erstattar Obamacare.

Kun 3 av 10 svarer at dei ønskjer at Trump og republikanarane skal jobbe vidare for å oppheve og erstatte helsereforma. Eit fleirtal meiner også at det var riktig av Senatet å seie nei til det førebels siste utkastet.

Samtidig svarer 6 av 10 republikanarar og Trump-støttespelarar at dei meiner administrasjonen burde jobbe vidare for å oppfylle slagordet «opphev og erstatt».

Meiningsmålinga blei gjennomført mellom 1. og 6. august. Feilmarginen er på inntil 3 prosentpoeng.

(©NPK)

Siste nyhende

Minst 65 drepne i moskéangrep i Afghanistan

Minst 65 menneske er drepne og over 50 er såra er i sjølvmordsangrep mot to moskear i Afghanistan.

Alvorleg for to medlemmer av forgifta dansk familie

Tilstanden er alvorleg for to medlemmer av den danske familien som ligg på sjukehus med det som truleg er soppforgifting. To barn i familien døydde torsdag.

TV4 tar programleiar av lufta etter skuldingar om seksuell trakassering

Den svenske TV4-profilen Martin Timell blir tatt av lufta etter skuldingar om at han i årevis har trakassert kvinnelege medarbeidarar seksuelt.

EU-rassia mot BMW

EU-kommisjonen gjennomførte denne veka ein rassia mot hovudkontoret til den tyske bilprodusenten BMW i München. 

Kurz har fått regjeringsoppdrag i Austerrike

Presidenten har formelt gitt Sebastian Kurz (31) i oppdrag å danne regjering i Austerrike. Han blir den yngste leiaren i verda.