Fugleinfluensa på Filippinane – 200.000 fuglar skal slaktast

Filippinane har fått sitt første utbrot av fugleinfluensa. 200.000 fuglar som ein mistenkjer å ha sjukdommen, skal slaktast. 

Det er ikkje meldt om nokre tilfelle av smitte til menneske, og fuglane blir slakta for å hindre spreiing.

– Vi vil ikkje at sjukdommen skal spreie seg. Slaktinga skal gjennomførast på tre dagar, seier Emmanuel Pinol, i landbruksdepartementet.

Fuglane som skal slaktast, har blitt funne innanfor ei strekning på éin kilometer, i seks ulike gardar nord i den nordlege delen av Pampangaprovinsen. Ifølgje Pinol har 35.000 fuglar døydd som følgje av ein variant av sjukdommen kalla H5. Bøndene unnlét å rapportere fugledødsfalla med ein gong dei skjedde, fordi dei ikkje trudde det dreidde seg om fugleinfluensa.

Styresmaktene har starta etterforsking for å finne ut kor sjukdommen stammar frå, og meiner smugla ender frå Kina eller trekkfuglar kan vere årsaka.

(©NPK)

Siste nyhende

Nashornhorn skal seljast på nettauksjon i Sør-Afrika

Det er gitt klarsignal for ein nettauksjon av nashornhorn i Sør-Afrika, etter at høgsterett i landet godkjente salet.

FN: Tusenvis vil flykte frå IS-kontrollerte område i Irak

Kampen for å ta tilbake IS-bastionen Tal Afar i Irak har begynt. Det er venta at tusenvis av sivile vil flykte frå området, opplyser FN. 

Omstridt forsamling i Venezuela gir seg sjølv lovgivande makt

Den regjeringsvennlege grunnlovsgivande forsamlinga i Venezuela har vedtatt å gi seg sjølv lovgivande makt.

Erdogan ber tyrkarar halde seg unna dei tre største partia i Tyskland 

President i Tyrkia Recep Tayyip Erdogan ber tyrkarar busett i Tyskland om ikkje å stemme på dei tre største tyske partia under valet i september.

Fransk politi fjernar 2.000 migrantar i Paris

Politiet i Paris fjerna fredag rundt 2.000 migrantar frå ein provisorisk leir nord i byen. Det er 35. gong på to år politiet gjennomfører ei slik bortvising.