Den eldste mannen i verda døydde i Israel

Den eldste mannen i verda, holocaust-vitnet Israel Kristal, døydde fredag i Haifa. Han blei 113 år gammal.

Dottera Schulamit Kristal stadfestar at faren døydde ein dryg månad før 114. årsdagen.

Kristal var den eldste holocaustoverlevande i verda, og i mars i fjor blei han utropt til den eldste mannen i verda av Guinness rekordbok.

Han blei født 15. september 1903 i den polske landsbyen Tarnów. I 1944 blei han deportert til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Kona og to av barna blei offer for massedrapa nazistane gjorde på jødar under andre verdskrigen.

Kristal gifta seg på nytt og emigrerte til Israel i 1950. I fjor feira han bar mitsva, eit hundreår etter at første verdskrigen forhindra han i å ta del i den jødiske tradisjonen.

(©NPK)

Siste nyhende

Nytt jordskjelv ramma Iran

Eit jordskjelv med styrke 6,2 har ramma søraustlege delar av Iran, men ifølgje lokale medium er det førebels ikkje meldt om skadar.

Nye israelske bombeangrep mot Gazastripa

Israelske kampfly gjennomførte nye bombeangrep mot Gazastripa måndag kveld. Angrepa skal ha vore svar på rakettar skotne mot Israel.

Lauslaten fange i Egypt fortel at mange cellekameratar vart radikaliserte

Ein irsk-egyptar som nyleg vart lauslaten etter fire år i egyptisk fengsel, opplyser at mange blir radikalisert under dei svært brutale fengselsforholda.

Amnesty: EU bidrar til misbruk av migrantar i Libya

Europeiske styresmakter har utsett hundretusenvis av menneske for tortur og misbruk i Libya, vel vitande om sine handlingar, ifølgje Amnesty International.

Nye funn i søket etter sakna argentinsk ubåt

Den argentinske marinen har ved hjelp av sonar gjort to funn i søket etter den sakna ubåten. Det er uvisst om det er delar av ubåten som er funne.