Oljefondet investerer i kontoreigedom i Berlin

Eigedomsforvaltninga til Noregs Bank har vedteke å kjøpa eit kontorbygg i sentrum av Berlin for 4 milliardar kroner.

Eigedommen som omfattar 52.000 kvadratmeter, ligg på hjørnet av gatene Axel Springer strasse og Zimmerstrasse. Prisen er 425 millionar euro, som skal betalast når bygningen er ferdigstilt hausten 2019. Betalinga skal skje både gjennom sal og tilbakeleige. Både seljar og framtidig leigetakar er mediekonsernet Axel Springer SE.

Noregs Bank Investment Management forvaltar oljefondet på vegner av Finansdepartementet, som står som formell eigar av fondet på vegner av det norske folk.

Inntil 7 prosent av fondet kan investerast i unotert eigedom. Oljefondet har investert i kontor- og handelseigedommar i utvalde byar over heile verda, i tillegg til såkalla logistikkeigedommar som er knytt til globale distribusjonskjeder.

Måndag låg marknadsverdien til oljefondet på 7.936 milliardar kroner.

(©NPK)

Siste nyhende

Kurdarane i Irak vil halde folkeavstemming trass motstand

Leiarane i Kurdistan nektar å avblåse folkeavstemminga om lausriving måndag, trass i truslar og åtvaringar frå mange kantar.

Corbyn: – Brexit-planane til regjeringa er framleis uklare

Regjeringa til statsminister Theresa May har framleis ikkje klargjort kva slags forhold Storbritannia skal ha til EU etter brexit, meiner Jeremy Corbyn.

Theresa May avviser EØS-løysing

EØS er ikkje godt nok for det britiske folk, meiner statsminister i Storbritannia Theresa May.

Båt med flyktningar forliste i Svartehavet – 15 døde

15 personar mista livet då ein båt med flyktningar forliste i Svartehavet utanfor Tyrkia tidleg fredag, melder kystvakta.

18-åring sikta for T-baneangrepet i London

Ein 18 år gammal mann er sikta for drapsforsøk i samanheng med sprengladninga som gjekk av i T-banesystemet i London førre fredag.