Ole Brumm teken av sensuren i Kina – liknar for mykje på president Xi Jinping

Den elskelege, men mentalt enkle bjørnen Ole Brumm er blitt offer for kinesiske sensurmyndigheiter. Inga forklaring er gitt. 

Kosedyret med det engelske namnet Winnie the Pooh innrømmer sjølv at han kanskje ikkje har verdas største hjerne, og nå har tydelegvis nettsensuren komme til at koplinga mellom Pooh og XI er i overkant frekk.

Samanlikninga mellom dei to dukka først opp i 2013, da fleire kinesiske nettstader sette bilde av Brumm og den slanke vennen hans Tigergutt opp mot den trinne Xi og den heilslanke Barack Obama.

I 2014 blei det lagt ut bilde av Xi og den japanske statsminister Shinzo Abe, den gong kopla til ein animert versjon der Brumm trykken hoven til eselet Tussi. Året etter blei Brumm og Xi montert saman i eit bilde der dei to står i ein leikebil og liksom helsar folket. Bildet blei raskt kalla årets mest sensurerte.

Kinas styrande kommunistparti er tydelegvis svært følsamt overfor framstillingar som kan latterliggjere og kanskje svekkje presidenten framfor den viktige partikongressen seinare i år.

(©NPK)

Siste nyhende

Demokratar rasar mot omstridt internett-forslag i USA

Demokratiske politikarar i USA er svært kritiske til eit forslag om å fjerne kravet om at nettleverandørar må sørgje for lik tilgang til alle nettstader.

Mnavgagwa tilbake i Zimbabwe

Den avsette visepresidenten i Zimbabwe, Emmerson Mnangagwa, er tilbake i landet. Han skal etter planen ta over makta etter Robert Mugabe.

Putin roser Russland, Tyrkia og Iran for Syria-innsats

På eit minitoppmøte i Sotsji i Russland gir president Vladimir Putin seg sjølv, Tyrkia og Iran æra for å ha hindra ein kollaps i Syria.

EU oppmodar til forsoning etter dommen mot Mladic

Alle leiarar på Balkan må heidre offera ved å arbeide for forsoning, lyder bodskapen frå EU etter at Ratko Mladic vart dømd for folkemord og krigsbrotsverk.

Ratko Mladic dømd til livstid for folkemord i Srebrenica og andre krigsbrotsverk

Tidlegare hærsjef Ratko Mladic er i Haag-domstolen kjend skuldig i folkemord og brotsverk mot menneskja.