Merkels allierte ynskjer flyktninggrense

Det konservative bayerske partiet CSU vil ikkje at Tyskland skal ta imot fleire enn 200.000 flyktningar årleg. CSU er søsterpartiet til Angela Merkels CDU.

CSU la siste hand på valprogrammet sitt måndag. I programmet, som har fått tittelen «Bayernplan», blir det teke til orde for eit årleg tak på mengda flyktningar som skal takast imot i Tyskland på 200.000.

CSU hamna på kant med statsminister Angela Merkel då dei la fram eit slikt ynskje i fjor. Merkel meiner ei slik grense strider mot den tyske grunnlova.

– Den lenge etterlengta grensa på 200.000 flyktningar til Tyskland per år er naudsynt for å sikre integrering i praksis, heiter det i CSU-programmet.

Partiet set likevel ikkje innføringa av eit slikt tak som eit krav for framleis koalisjonssamarbeid med Merkels CDU.

– Berre det at spørsmålet om eit tak er på bordet, har ført til ein grunnleggjande endring i Berlins politikk, noko som i høg grad er i vår interesse, seier CSU-leiar Horst Seehofer.

Det langvarige debatten om ei flyktninggrense blei lagt til side då partia starta valkampen tidlegare i år.

– Først må vi vinne valet, seier Seehofer.

(©NPK)

Siste nyhende

USA vil nekte borgarar å reise til Nord-Korea

Regjeringa til Donald Trump vil nekte amerikanske statsborgarar å reise til Nord-Korea. Bakgrunnen er dødsfallet til den amerikanske studenten Otto Warmbier.

USA kuttar i militærhjelpa til Pakistan

Pentagon held tilbake over 400 millionar kroner i militærhjelp til Pakistan, som blir skulda for ikkje å gjere nok for å nedkjempe Haqqani-nettverket.

Russisk-kinesisk militærøving i gang i Austersjøen 

Russland og Kina har begynt på ei vekelang militærøving i Austersjøen. 

Sean Spicer forlèt Det kvite hus

Talsmann for Donald Trump, Sean Spicer, går av i protest mot at presidenten har tilsett Anthony Scaramucci som ny kommunikasjonssjef, ifølgje fleire medium.

UD styrkjer bemanninga ved det norske konsulatet på Kos

Utenriksdepartementet har sendt eit team frå ambassaden i Aten og frå departementet for å styrkje bemanninga ved det norske konsulatet på Kos.