Kampar spreier seg til nye område i Den sentralafrikanske republikk

Ei ny og svært alvorleg krise har brote ut i Den sentralafrikanske republikk tre år etter våpenkvila, men verda overser ho, ifølgje Flyktninghjelpen.

I fleire område av det vesle sentralafrikanske landet har det den siste tida brote ut nye kampar. Konflikten, som har vart i fleire år, har drive over éin million menneske på flukt i eit land som har omtrent like mange innbyggjarar som Noreg.

Berre sidan april har over 100.000 menneske flykta frå heimane sine, skriv Flyktninghjelpen i ei pressemelding måndag.

– Talet på menneske på flukt har auka til eit nivå vi ikkje har vore vitne til sidan konflikten herja som verst i 2014. Vi er nøydde til å innsjå at Den sentralafrikanske republikk er på veg inn i ei ny, forferdeleg krise. Å lukke auga for dette, vil ikkje føre til at krisa forsvinn, men til at ho får fortsette å eskalere, seier Eric Batonon, landdirektør for Flyktninghjelpen.

Givarland har så langt bidratt med mindre enn 30 prosent av dei pengane som trengst for å møte dei mest prekære behova for naudhjelp i 2017. Mangel på naudhjelp kan føre til ei ytterlegare opptrapping av konflikten, fryktar Batonon.

Til helga er det tre år sidan dei væpna gruppene Seleka og anti-Balaka signerte ei våpenkvile etter å ha kriga i halvtanna år. Sidan november i fjor har konflikten igjen forverra seg, ifølgje Flyktninghjelpen. Så seint som i juni signerte 13 av 14 væpna grupper ein fredsavtale, men få timar seinare blei fleire tital menneske drepne i kampar aust i landet.


(©NPK)

Siste nyhende

Demokratar rasar mot omstridt internett-forslag i USA

Demokratiske politikarar i USA er svært kritiske til eit forslag om å fjerne kravet om at nettleverandørar må sørgje for lik tilgang til alle nettstader.

Mnavgagwa tilbake i Zimbabwe

Den avsette visepresidenten i Zimbabwe, Emmerson Mnangagwa, er tilbake i landet. Han skal etter planen ta over makta etter Robert Mugabe.

Putin roser Russland, Tyrkia og Iran for Syria-innsats

På eit minitoppmøte i Sotsji i Russland gir president Vladimir Putin seg sjølv, Tyrkia og Iran æra for å ha hindra ein kollaps i Syria.

EU oppmodar til forsoning etter dommen mot Mladic

Alle leiarar på Balkan må heidre offera ved å arbeide for forsoning, lyder bodskapen frå EU etter at Ratko Mladic vart dømd for folkemord og krigsbrotsverk.

Ratko Mladic dømd til livstid for folkemord i Srebrenica og andre krigsbrotsverk

Tidlegare hærsjef Ratko Mladic er i Haag-domstolen kjend skuldig i folkemord og brotsverk mot menneskja.