Fem egyptiske politifolk drepne på Sinai-halvøya

Fem politifolk blei måndag drepne og fem andre såra i eit angrep i el-Arish nord på Sinaihalvøya, opplyser egyptiske sikkerheitskjelder.

Ifølgje ikkje namngjevne tenestemenn er ytterleggåande islamistar mistenkte for å stå bak angrepet. Angriparane skal ha opna eld mot køyretøyet til politistyrkane før det blei sett i brann.

Det blei kalla inn forsterkingar, men då dei kom til, eksploderte ei vegbombe.

Opprøret i den nordlege delen av Sinaihalvøya har blitt verre etter at militæret avsette landets første folkevalde president, Mohamed Mursi frå Det muslimske brorskapet, i 2013.

Tidlegare i juli blei 23 soldatar drepne i eit angrep på ein militærpost i regionen. IS hevdar å stå bak både dette og dei fleste andre angrepa.

(©NPK)

Siste nyhende

FN-soldatar drepne i angrep i Mali

Minst tre soldatar frå FNs fredsbevarande styrke er drepne i eit angrep nordaust i Mali.

Marokkos fredagsbønn vigd til bønn om regn

Marokko har ikkje hatt regn sidan i sommar, noko som rammar landbruket. Kong Mohammed har derfor gitt ordre om å bruke fredagsbønna til å be om regn.

Mnangagwa tatt i eid som president i Zimbabwe

Emmerson Mnangagwa er tatt i eid som Zimbabwes nye president. 

FN svært bekymra over flytting av flyktningar frå australsk leir

Politiet på Papua Ny-Guinea brukte metallstenger mot flyktningar under tømming av ein australsk interneringsleir, opplyser FN, som uttrykkjer djup bekymring.

Drapsdommen mot Oscar Pistorius meir enn dobla

Ein ankedomstol i Sør-Afrika har skjerpa dommen mot Oscar Pistorius til fengsel i 13 år og 5 månader for drapet på kjærasten Reeva Steenkamp i 2013.