Ein av tre i Bayern vil lausrive seg frå Tyskland

Nesten ein tredel av innbyggjarane i den velståande tyske delstaten Bayern vil lausrive seg frå Tyskland, viser ei meiningsmåling.

Målinga er utført av YouGov for tabloidavisa Bild. 32 prosent av dei spurde seier at dei er tilhengjarar av eit sjølvstendig Bayern. Ingen annan delstat i Tyskland kan vise så høg oppslutning om lausriving.

Bayern er Tysklands største delstat i utstrekning, og den nest største når det gjeld innbyggjartal med 12,8 millionar menneske.

Utlendingar forbind gjerne Bayern med lærbukser og enorme, skummande ølglas. Den årlege oktoberfesten blir arrangert i München og er vidg øl og tradisjonell kultur.

(©NPK)

Siste nyhende

Mnavgagwa tilbake i Zimbabwe

Den avsette visepresidenten i Zimbabwe, Emmerson Mnangagwa, er tilbake i landet. Han skal etter planen ta over makta etter Robert Mugabe.

Putin roser Russland, Tyrkia og Iran for Syria-innsats

På eit minitoppmøte i Sotsji i Russland gir president Vladimir Putin seg sjølv, Tyrkia og Iran æra for å ha hindra ein kollaps i Syria.

EU oppmodar til forsoning etter dommen mot Mladic

Alle leiarar på Balkan må heidre offera ved å arbeide for forsoning, lyder bodskapen frå EU etter at Ratko Mladic vart dømd for folkemord og krigsbrotsverk.

Ratko Mladic dømd til livstid for folkemord i Srebrenica og andre krigsbrotsverk

Tidlegare hærsjef Ratko Mladic er i Haag-domstolen kjend skuldig i folkemord og brotsverk mot menneskja.